lørdag 2. september 2017

pus i hus!

Husstanden hev fenge ei ny dronning:





Kattonalia

Namn: Simle (døypt av Dyrebeskyttelsen i Hedmark)

Alder: um lag 2 år

Serskilde kjenneteikn: ei tå for mykje på kvar pote (polydaktyli)

Bakgrunn: Noko uviss. Ho vart funni i ein konteinar like ved Kongsvinger i sumar, av ein kar som var på «harrytur» og stoppa for å pissa. Han høyrde nokre pip og fekk berga dyri. Simle hadde då tri kattungar, men både ho og dei var sers skrale. Éin av ungane – Semule – greidde seg og hev fenge ein ny heim. Simle hev butt i fosterheim i Brumunddal i lag med ein hund og eit par andre kattar. Ho tykkjer nog at det er både godt og litt keidsamt å vera det einaste dyret i husstanden.

Yndlingsmat: Til hev ho ikkje ete noko serleg, men ho «fys» ein del på maten vår, serleg kvitosten. So langt hev ho drukke vatn og ete gras (jf. bilæte).

Talent: Ho er ram til å opna dører. Me freistar læra henne at ho ikkje skal vera på soveromet um natti, men det hev ho ikkje godteke enno. Fyrste natti hennar her var prega av jamlege mjaue-aksjonar og byks opp mot dørhandtaket. (Me hadde læst døri.) Utpå morgonsida la Nettnerden seg i gjestesengi på kontoret, og då slo pusen seg til ro på kontorstolen attmed. 

Elles ter ho seg fint. Gjeng på doen sin, klorar på klorestativet og fer varsamt fram so ho ikkje riv ned noko. (I går kveld hoppa ho frå den grøne lenestolen og inn i bokhylla og sigla mesta inn i Ivar Aasen-bilætet frå Norendal som stend der.) Men ho lengtar alt etter å koma seg ut, so det vert fire langdrjuge innevikor for henne ...

Her er nokre bilæte. Som de ser, hev me lagt vinn på å gjera heimen so spanande og innbjodande som råd er – for ein pus.



Kvild i stova.
Sofa: frå hytto ved Torolmen.
Putor: nokre heimesydde frå anonyme blogglesarar, ei frå IKEA.
Bilæte: brudlaupsgåva frå Fridtun-heimen (Ståle Blæsterdalen)
I framgrunnen: aktuell faglitteratur



Katteputo hev fenge selskap!



Flink å klore.



Her jobbar ho med å få fatt i nokre tyballar
som ligg inni. Ida hev vida ut tvo av hòli
so det skal verta råd å få deim heilt ut.




Fint med stort stoveglas!
Me undrast på kva ho gjer når ho ser
andre kattar passera utanfor. Mange av
deim legg kveldsrunden sin yver tunet her, nemleg.



Sekretær Simle.
Skrivebord: noko gamalt frå bladstova til Østlendingen.
Seng: kaupt på Svullrya (Finnskogen) i 2009 og pussa upp.

Kosedyr i bakgrunnen: Julius (eig. Herr Nilsson) og Bonzo.
Tøflar: Solan Gundersen-modell, Aukrustsenteret.



Ida hev laga eit lite leikeslott av papp. Stor suksess.



Me kaupte ei morosam rya med duskar på IKEA.
Stor suksess, det òg. Metz fann straks hugnad i 
rya då han vitja oss på onsdag, so ho høver for hundar òg.



På beite.



Denne flettekassa vart fyrr nytta til sokkar.
No hev Ida laga eit lite bol utav det. 
Simle tok det straks i bruk, jf. øyra som stikk ut.


Framhald fylgjer!




2 kommentarer:

Anonym sa...

For ein hugnadsam laurdagskveld dette vart!Anonym mor,svigermor og bestemor!

Anonym sa...

Tillukka med Simle i heimen! Mykje aktivitet døgret rundt ser eg:)