torsdag 7. september 2017

kjetto

Fyrste vika med katt er snart yver, og kva er domen? 

Me elskar denne pelsballen! Ho er morosam å leika med, er rolegare um natti (pirkar burti døri vår og mjauar litt i 4-5-tida, men me læst ikkje høyra det, so ho gjev seg vel med det), et og drikk som ho skal og er blid heile tidi. Kvitosten må vaktast godt, men elles er det lite styr. Det gjeng heilt fint å ha heimekontor med henne i hus: Ho ligg no jamnast og søv ein eller annan stad.



Hvor er Willy? (Wilma?)



Ho fær ikkje lov til å vera på kjøkenbenken
og hev for det meste halde seg undan.
Men den fyrste helgi vart freistingi for stor.
Me hadde dobbeltsidig teip på benken, so der vilde
ho ikkje vera, men vasken var fri for klissute lim ...



Meir soving.



Pappøskja - ein sikker vinnar.



Sektretæren tek seg ein pust i bakken.











Ho likar å drikka vatn i dusjen. Noko av det kjekkaste ho veit,
er å vera der etter at me hev dusja. Då sit ho og 
fylgjer med på at det dryp frå dusjhovudet.



Dyrisk samlingsstund i gamlasengi.















God helg (snart!)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for oppdatering!Underskrivne har vore bekymra om alle 3 har fått sove,og dette er no positivt dokumentert!Vert veldig misunneleg på dekan og ...Interiørinteressert a.s.u.m vart begeistra over kontorgardinene,og lurar på om det framleis er litt korte trekanta gardiner i stova?? God helg!

fridtun sa...

Me søv som berre det! Spesielt pusen. I natt høyrde me korkje mjauing eller pirking på døri, so det gjeng seg til.

Gardinnytt: Dei som heng på kontoret kjem frå Elverum, dei hang på romet mitt dei siste åri eg budde der. I stova er det komne nokre nye, jamvel dei frå Elverum (kasserte og med nokre målingsflekker på, ikkje skjemmande). Trur dei er synlege på eit stovebileæte i det fyrre katte-innlegget. Dei stutte trekanta ligg på vent og vert truleg nytta i eit slags lift-prosjekt i kjøkenglaset. (Um eg hev skjøna fruen rett.)

fridtun sa...

Dei nye på stova er litt stutte, dei òg, "høyvannsgardiner", som mor mi kallar det.