torsdag 21. september 2017

der ingen skulde tru at nokon kunde kvila

På kostebrettet:



Uppå dei skitne sokkane til nettnerden:



I finskåpet (ok, nett der rekna eg med at ho kom til å leggja seg):
(Ja, bilætet er litt skeivt. Laut skunda meg å knipsa
fyrr ho skifte stilling eller hoppa ned.)

I ei korg ifrå IKEA (ok, denne korgi kaupte me til henne, men då korgi låg inne på stova, låg ho aldri der. Då me flutte korgi ut i gangen, derimot!)

torsdag 7. september 2017

kjetto

Fyrste vika med katt er snart yver, og kva er domen? 

Me elskar denne pelsballen! Ho er morosam å leika med, er rolegare um natti (pirkar burti døri vår og mjauar litt i 4-5-tida, men me læst ikkje høyra det, so ho gjev seg vel med det), et og drikk som ho skal og er blid heile tidi. Kvitosten må vaktast godt, men elles er det lite styr. Det gjeng heilt fint å ha heimekontor med henne i hus: Ho ligg no jamnast og søv ein eller annan stad.



Hvor er Willy? (Wilma?)



Ho fær ikkje lov til å vera på kjøkenbenken
og hev for det meste halde seg undan.
Men den fyrste helgi vart freistingi for stor.
Me hadde dobbeltsidig teip på benken, so der vilde
ho ikkje vera, men vasken var fri for klissute lim ...



Meir soving.



Pappøskja - ein sikker vinnar.



Sektretæren tek seg ein pust i bakken.











Ho likar å drikka vatn i dusjen. Noko av det kjekkaste ho veit,
er å vera der etter at me hev dusja. Då sit ho og 
fylgjer med på at det dryp frå dusjhovudet.



Dyrisk samlingsstund i gamlasengi.















God helg (snart!)

lørdag 2. september 2017

pus i hus!

Husstanden hev fenge ei ny dronning:





Kattonalia

Namn: Simle (døypt av Dyrebeskyttelsen i Hedmark)

Alder: um lag 2 år

Serskilde kjenneteikn: ei tå for mykje på kvar pote (polydaktyli)

Bakgrunn: Noko uviss. Ho vart funni i ein konteinar like ved Kongsvinger i sumar, av ein kar som var på «harrytur» og stoppa for å pissa. Han høyrde nokre pip og fekk berga dyri. Simle hadde då tri kattungar, men både ho og dei var sers skrale. Éin av ungane – Semule – greidde seg og hev fenge ein ny heim. Simle hev butt i fosterheim i Brumunddal i lag med ein hund og eit par andre kattar. Ho tykkjer nog at det er både godt og litt keidsamt å vera det einaste dyret i husstanden.

Yndlingsmat: Til hev ho ikkje ete noko serleg, men ho «fys» ein del på maten vår, serleg kvitosten. So langt hev ho drukke vatn og ete gras (jf. bilæte).

Talent: Ho er ram til å opna dører. Me freistar læra henne at ho ikkje skal vera på soveromet um natti, men det hev ho ikkje godteke enno. Fyrste natti hennar her var prega av jamlege mjaue-aksjonar og byks opp mot dørhandtaket. (Me hadde læst døri.) Utpå morgonsida la Nettnerden seg i gjestesengi på kontoret, og då slo pusen seg til ro på kontorstolen attmed. 

Elles ter ho seg fint. Gjeng på doen sin, klorar på klorestativet og fer varsamt fram so ho ikkje riv ned noko. (I går kveld hoppa ho frå den grøne lenestolen og inn i bokhylla og sigla mesta inn i Ivar Aasen-bilætet frå Norendal som stend der.) Men ho lengtar alt etter å koma seg ut, so det vert fire langdrjuge innevikor for henne ...

Her er nokre bilæte. Som de ser, hev me lagt vinn på å gjera heimen so spanande og innbjodande som råd er – for ein pus.



Kvild i stova.
Sofa: frå hytto ved Torolmen.
Putor: nokre heimesydde frå anonyme blogglesarar, ei frå IKEA.
Bilæte: brudlaupsgåva frå Fridtun-heimen (Ståle Blæsterdalen)
I framgrunnen: aktuell faglitteratur



Katteputo hev fenge selskap!



Flink å klore.



Her jobbar ho med å få fatt i nokre tyballar
som ligg inni. Ida hev vida ut tvo av hòli
so det skal verta råd å få deim heilt ut.




Fint med stort stoveglas!
Me undrast på kva ho gjer når ho ser
andre kattar passera utanfor. Mange av
deim legg kveldsrunden sin yver tunet her, nemleg.



Sekretær Simle.
Skrivebord: noko gamalt frå bladstova til Østlendingen.
Seng: kaupt på Svullrya (Finnskogen) i 2009 og pussa upp.

Kosedyr i bakgrunnen: Julius (eig. Herr Nilsson) og Bonzo.
Tøflar: Solan Gundersen-modell, Aukrustsenteret.



Ida hev laga eit lite leikeslott av papp. Stor suksess.



Me kaupte ei morosam rya med duskar på IKEA.
Stor suksess, det òg. Metz fann straks hugnad i 
rya då han vitja oss på onsdag, so ho høver for hundar òg.



På beite.



Denne flettekassa vart fyrr nytta til sokkar.
No hev Ida laga eit lite bol utav det. 
Simle tok det straks i bruk, jf. øyra som stikk ut.


Framhald fylgjer!