tirsdag 18. april 2017

påskemoro

Ja, so hev me vore uppi fjellet att. Og der hende mangslags rart, kann de tru! Til dømes spende Huusmoderen oc Netnærden på seg skidone og gjekk ikring ein av sjøane ved hytta. Då laut dei kryssa ei å, og sidan brui var liti og glatt, serleg med skidskor, kraup dei yver. Blinkskot frå hendingi (rekonstruksjon):





Netnærden var elles mykje ute og grov ein eigen påskelabyrint til hunden. Med tvo tunnelar og allting. Her ser de hunden m/ball hoppa upp frå ein av gangane. Det vart mykje skvetting både i og utanfor labyrinten, jamfør gul flekk til vinstre.





På toppen av Gutulivola tok bikkja jamvel til å posera for fotografen.




Då bilætet yver vart teke, var Huusmoderen oc Netnærden på veg ned att. Dei snudde litt tidlegare, og det synte seg å vera lurt, for då fekk dei sjå tvo elgar utpå ei myr! Det var i det heile ei dyrerik skidferd, serleg for Netnærden. På den turen såg ho ein hare, ein stor fugl (men kva slag?), eit ramnepar (trur me) og so dei tvo elgane.

Men det vart høve til innekos òg. Her er det Huusmoderen som vert innekosa frå tvo sidor:





Elles vil Huusmoderen oc Netnærden senda ei helsing til bestemor, som vert 84 år i dag!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Vertikal,horisontal,firbeint og krabbande påskemoro!Dette må ha vore ein optimal ferie for kropp og sjel for både to- og firbeinte!ASM

fridtun sa...

Ja, det var ein gild ferie! Skulde berre havt meir sol, so me kunde fenge nokre gode stunder frammed sudveggen.