tirsdag 24. mai 2016

fugl, fisk eller midt imillom?

Nettnerden meiner at me til saman ser ut som (eller formar) eit dyr på dette bilætet. Eg slit litt med å sjå det, men kanskje lesarane ser kva dyr ho meiner?







søndag 8. mai 2016

menuett i mai

I dag gjekk husmori og frua ut i hagen og tok nokre bilæte. Sjå kven som vilde vera med! Linsepus, som fotografen kallar det.






tirsdag 3. mai 2016

hansteen i heisen?

Avisone stiller stundom folk dette spursmålet: Kven vilde du helst ha sete fast i heisen med?

Det er mange eg gjerne skulde ha sete fast i heisen med, serskilt um eg fekk velja fritt millom både livande og daude. Frua kjem sjølvsagt fyrst, men sidan eg sit fast med henne elles i livet òg, lyt andre sleppa framum her. Til dømes Aasta Hansteen 18241908). Ja, um eg hadde fenge heisspursmålet i dag, hadde eg valt henne.

Ikkje berre av di ho var den fyrste kvinna i Noreg som vart utdana til profesjonell kunstmålar. Og ikkje berre at ho var sers uppteki av kvinnesaki og jamvel er kjend som den fyrste kvinna i Noreg som heldt fyredrag for ålmenta. Og ikkje berre av di ho var ein av dei allra fyrste som tok i bruk landsmålet. Men alt det til saman, og legg til at ho var RAR og temmeleg skeiv. (Eg meiner ikkje å segja av dei tvo sakene heng saman, men stundom gjer dei no det.)

Uvanleg er radt eit betre ord enn rar, og uvanleg til kvinna å vera er fulla endå meir råkande. Hansteen var i alle fall meir framfus en eg er, for å segja det varsamt. 

Det fyrste eg høyrde um dette mennesket, var at ho var millom dei fyrste som nytta landsmålet. Alt i ungdomen vart ho kveikt, og i 1862 gav ho ut boki Skrift og Umskrift i Landsmaalet. Det er freskt, både av di ho var kvinna (målsrørsla vart no elles sers mannstung) og av di ho var embetsmannsdotter frå Christiania. Dessutan var ho ei av fleire kvinnor i venekrinsen til Aasen sjølv. 

Av dagbøkene hans ser me at dei to møttest med ujamne millomrom frå 1861 til 1890. Nokre døme (Jf. og Jfr. = jomfru):

28. november 1861: Besøg af Jfr. Hansteen. Anmærkninger til hendes Manuskript. 
31. juli 1862: Essays and Reviews, 44 s. Skrift og Umskrift i Landsmaalet. 36. [sistnemnde av Hansteen]
26. desember 1873: Faaet "Det svenske Præsteskabs nyeste Bedrift" [av Hansteen, med dedikasjon]. En Korrektur for Turistforeningens Aarbog. Talt med Asbjørnsen, Fr. Hansteen og fl. Meget vakkert Veir. 

2. mai 1876: Kontoret (Andebu, Hiterdal). Hørt Aasta Hansteens Foredrag paa Klingenberg [um kvinnesaki]. Til Egeland atter 30 s.
16. august 1890: Atter stort Uveir med Lyn og Torden. Besøg af Aasta Hansteen.

Lat oss samla oss um det siste: Uveir med Lyn og Torden + Aasta Hansteen. Ei god blanding! Saki er at Hansteen den siste vika hev dukka upp i tvo ulike bøker eg hev lese, og der kjem det tydeleg fram at det fylgde litt «uvêr» med henne. 

Fyrst frå ein artikkel av T. Hellesund i Norsk homoforskning (2001, s. 150):

Den kjente kvinnesakskvinnen, malerinnen og debattanten Aasta Hansteen var en av de mest artikulerte mannshaterne. Fra Amerika brakte hun med seg en ridepisk, til beskyttelse mot menn, fortalte Aasta Hansteen selv. Tradisjonen forteller at hun om sommeren løp mot okser med paraplyen hevet og ropte: «ditt avskyelige mannfolk» (Lein 1984:159). Når Camilla Collett formante Aasta Hansteen om å ikke rase fram slik at hun gav mennene anledning til å trekke kvinnesakskvinnenes genuine kvinnelighet i tvil, kom svaret kontant og treffende: «Furierene er ogsaa kvinder, hugs det Camilla Collett»(Lein 1984:162). [mi utheving]


So stakk ho fram att i boki Romantiske vennskap (2016) av J.O. Gatland. Fyrst i eit dikt ho skreiv til den svenske målaren Sophie Ribbing, på landsmål, der ho jamfører Ribbing med ei rekkja græske gydjor, d.e. gudinnor (s. 5657):

Greske gydjor lyt eg maala
skal eg lik i billæt faa deg.
Ja, alt anna verd for lite:
Heil deg svenske Aphrodite,
Venus ifraa Milo sjølv!

So skal me sjå kva karane syntest um denne frk. Hansteen, som var alt anna en ei yndig nikkedokka. Her frå eit brev August Cappelen sende til Vilhelm B. Nicolaysen:

Aasta Hansteen seer aldeles ud som hendes Fader, dersom han havde Dameklæder paa, blot lidt grimmere, altsaa just ikke noget Ideal for quindelig Skjønhed men saa har hun mange andre gode Egenskaber; for det Første har hun en prægtig, sort Knæbelsbart, som jeg daglig misunder hende ...

Med andre ord: Ei dama eg gjerne skulde ha møt!