fredag 19. desember 2014

småe gledor II


ferske hare- og REVEspor bak huset!


... då nyttar eg høvet til å minna dykk på soga um katta som jaga reven.


torsdag 18. desember 2014

småe gledor

til dømes:

å vakna tidleg og sjå "Vertshuset den gyldne hale" med køna, um morgonen, av di det ikkje vert høve på kvelden

å uppdaga at det finst ein Wikipedia-artikkel um ordet/fenomenet dumtelefon (og at EG er uppført som ei av tri kjeldor!) 

å sjå ein profesjonell blokkfløytist spela på tvo blokkfløytor samstundes

å vera på samlagsjolefest med samlagsfinefolk medan det snør utanfor

å koma heim til jol



søndag 7. desember 2014

fridtun (hus)morar seg: ferding spessial II

Tradisjonen tru skal heimeskrivande husmor gjera greida for kvar ho hev arbeidt i året som snart er fare. Jamvel i 2014 hev ho gjort anna en å sitja inne på cella si og krota (trass i at det er dét ho helst vil gjera, heile tidi - og dei neste månadene skal ho mest berre skriva! O frygd!) Vel, det hev vore mykje ferding, og meir flyging en husmori likar, men slik er det.

I lista er einast arbeidsturar tekne med, hugsam heimferding til m.a. Voss og Elverum er noko for seg. (Stader ho hev vore mange gonger, er sjølvsagt tekne med mange gonger, i år som i fjor.) Det heile er temmeleg austlandstungt:


Oslo  Stavanger  Oslo  Asker  Sandefjord  Sarpsborg  Stokke  Fredrikstad  Tønsberg  Modum  Oslo  Bergen  Trondheim  Stavanger  Asker  Bergen  Trondheim  Oslo  Oslo  Asker  Ås  Hadeland  Trondheim  Ål  Oslo  Gol  Hemsedal  Oslo  Oslo  Notodden  Oslo  Ålesund  Oslo  Hamar  Oslo  Bergen.

Med andre ord: mykje Oslo i år, ofta hev ho vore der fleire dagar i strekk. Husmori funderer no på um ho skal lengja tittelen sin til urban heimeskrivande husmor.


mandag 1. desember 2014

morgonscena frå eit skriveliv

Å sitja inne på skriveromet medan det langsamt lysnar utanfor, med mange trådar, utan å heilt vita kven av deim det er best å gripa tak i fyrst, glytta i nokre ordbøker, i andre bøker, i eigne nedteikningar, glo ned på papiret, glo i veggen, tenkja at det er ingi skam å glo i veggen, glo ned på papiret att, krota ned noko, strjuka yver det, slå blyanten lett mot vinstrehandi, finna ein annan tråd, ei betre opning, skriva ut ei ny setning, seint og prøvande, og so er det rett, og so kjem det rennande, so hev eg brådt eit opningsavsnitt til kapittel 2 og so finn eg meg ein kopp kaffi.