lørdag 15. november 2014

tanke/turn

Lesnad:

«Ein kan seie at eit språks grammatikk også er ein slik spegel som speglar relasjonane i verda, eller lagar eit samanlikningsgrunnlag, og ho [Inger Christensen] seier at 'man som digter må lære at elske præpositionerne, fordi de, nærmest urimeligt usynlige som de er, er dem der holder bevidstheden i samme slags bevægelse som verden'. Dette kan vi jo teste ved å ved å mumle preposisjonar høgt for oss sjølv og samstundes kjenne etter kva det gjer med medvitet vårt når vi seier dei slik etter kvarandre: over, under, gjennom, mellom, framfor, mot, på, omkring, ved, til, bak, i - etc. Blir ikkje medvitet vårt dradd av garde som på ei merkeleg berg og dal-bane av rørsle, og blir ikkje medvitet vårt etter avslutta ferd ovandotten over dette, og har ikkje medvitet lyst til å bryte ut i jubel over språkets makt, og særleg preposisjonane si makt, og har ein ikkje lyst til å skrive ei novelle for kvar preposisjon [...]? Jau, ein får kjempelyst.»

 
Gunnhild Øyehaug: «Rein som snø» (s. 139) i Stol og ekstase (2006)


søndag 9. november 2014

kos med dyr

I eit intervju i tidsskriftet Bokvennen (2/2014) segjer Tor Åge Bringsværd: 

«Jeg nærer en dyp mistro til mennesker som ikke vil vedkjenne seg sin barndoms kosedyr.»

Her i huset hev me inkje imot å vedkjenna oss vår barndoms kosedyr, som jamvel er vår vaksendoms kosedyr. (Døme på vaksen bruk av kosedyr: å ha det i bukselumma på eksamen ved universitetet.) Me kunngjer gjerne at me hev kosedyr, at me stundom talar ved deim og at me elles hev stor gleda av selskapet deira. Det er tale um tri fine gutar: 




Frå vinstre: Pelle Kanin (som underskrivne fekk då hen var tvo dagar gamal), Preben (som nettnerden såg på IKEA, syntest synd på og tok med seg), Katten (som nerden fekk då ho var temmeleg nyfødd). Her ligg dei på turkestativet ute i stova, av di Pelle just hev lauga seg.
Til vanleg vaktar dei sengi, då ligg Pelle og Katten i munnen på Preben.

Me vil elles nytta høvet til å senda ei stor takk til alle mødrer som upp gjennom tidi hev vølt og lappa saman tallause kosedyr!


søndag 2. november 2014

haustinteriør med K & I (bonusmateriale)

Nettnerden lagde i går ut eit innlegg um dei nye hyllone våre. Lat det fyrst vera sagt at eg stiller meg fullt og heilt bak formi og innehaldet. Endå sit eg på nokre upplysningar som hev vore undanteke ålmenta - til no. 

For det fyrste: Nettnerden fekk mellombìlse mein etter ho sette saman hyllone. (Det var ho som tok seg av det, må vita. Reven er trehendt og sat dessutan med viktugt skrivearbeid.) Ho vart beint fram styrd [støL] i låri, rauvi, nakken og noko i ryggen. No kann de venda inn: Reven skulde hjelpt til, ikkje sete der med krotet sitt! Nei: Der og då var det uråd å vita at verksemdi skulde få slike fylgjor. Dessutan hadde korkje bøn, tvang, smeik eller ville hestar greidt å venda nettnerden frå uppgåva. Det er reine meditasjonen, fær me vita. Eller god avkopling, då. Etter det siste me hev høyrt um saki, er likamen noko betre i dag.  

For det andre: Det gjekk ikkje ljodlaust til. Det var hamring, dessutan var det (for å segja det med Vazelina Bilopphøggers) musikk tel ærbe: ein kasett med Tone Hulbækmo. Allsong til telebondemannen, so godt det lét seg gjera. 

For det tridje: Det er rett at nettnerden stundom uroar reven i skrivearbeidet (jf. legofigurane). Lika fullt pliktar eg å upplysa dykk um at det motsette òg er tilfellet. Til dømes hender det tidt at reven smett inn frå sida just i det nerden skal setja tennene i eit knekkbraud eller sutlar med te. Slike uromoment lyt ein plent rekna med.

*