tirsdag 23. september 2014

merkedag

I dag hev nettnerden og husmori vore skakke ektefolk i tri månader! Surmaga forståsegpåarar synest radt at dét ikkje er noko å kyta av, og det er no so: Dei hev eit stykke att til dei kann bjoda dykk inn til granittbrudlaup (gift i 90 år), til dømes.

Dei gladgifte makane høgtida dagen med å – for fyrste gong i haust – slå på panelomnen i stova.


torsdag 18. september 2014

farande fant

Husmori kann skuldast for mykje, men ingen kann skulda henne for å blogga so tidt og ofta at folk ikkje greider å henga med. Tvert um, lesarane tenkjer radt at no er bloggen daud som ei sild. Men so, når folk minst væntar det, slær ho til på ny med meir eller mindre po(t)etiske utgreidingar um husmortankar og anna som måtte trengja seg på. I dag er ein slik dag, ser det ut til.

Sidan sist hev husmori reke langt og lenge. Ja, for å segja det som det er: Den heimekjære husmori hev vore burtreist fire helgar på rad! Ho kom velberga frå det, mykje av di ho var i Trondheim tri av helgane, i lag med gode vener. Sumt av det var arbeidshelgar, til dømes hadde ho gleda og æra av å leida ein samtale/bokbad/bokdusj med sjølvaste kvardagsheltinna (for dei uinnvigde: A. Ravatn). Det gjekk som det måtte: Folk skratta og lo og hygde seg. Millom trondheimsferdene var ho òg på Austlandet og preika um nynorsk for bokmålsungdomen. Det trengst, av mange grunnar, til dømes at husmori hovudforsyrgjar i heimen denne hausten, sidan frua er vorti studine att. Det humpar og klekk seg!

Uppi alt saman vart husmori «forsidepike» i Morgenbladet òg. Det var svært hyggjelegt. Sers gildt var det at bladmannen ynskte seg eit bilæte av husmori i lange ullunderbrøker. Då var det ikkje anna å gjera en å trekkja i stillongs, endå det var midt i august, og få frua til å finna fram kameraet. Rekvisitt: ei færøysk ordbok.




Husmori nytta òg høvet til å leika litt med lego-hoppbakken (nærmare skildra her), men dét kom ikkje med i Morgenbladet. Var det likt seg!



... og no vart husmori so sterkt rivi med av lego-innlegget til maken at ho brådt og uvænta laut setja punktum! (ropeteikn)