onsdag 28. mai 2014

trondheim

Husmori er stundom ute av huset, som de vel hev skyna av tidlegare innlegg (t.d. ferding spessial). Dei siste vikone hev det rett nog vore lite ferding, berre ei snarvending hit og ei snarvending dit. Det høver husmori godt, for de veit ho likar seg best heime. Men korleis er det når ho er ein stad der ho var heime fyrr, men ikkje er det no lenger? Det togg og tenkte husmori på då ho sist helg var i Trondheim (eller Nidaros, som ho stundom kallar staden) i utdrikkingslag (ikkje utdritingslag).

Faste lesarar og andre vener veit at husmori budde i denne byen frå august 2006 til desember 2012. Det er mest lika lenge som heile barneskulen! Ho grodde ikkje fast der, det er so, men ho sit litt fast lell. Eller er det byen som sit fast i henne? Derom stridest dei lærde. I alle fall tykkjer husmori det er underlegt å vera i "trønderhovudstaden", dei kallar. Ho er mestsom utanfor seg sjølv på einkvan måten, ser seg sjølv i ei yngre utgåva alle stader, anten ho er på Lade eller Angelltrøa, i Midtbyen eller Ila, på Dragvoll eller Gløshaugen, Elgeseter eller Bakklandet. Det ligg minnespor allstad. Er heile byen vorten ein einaste stor tidstad? (som eg skreiv um ein fager vårdag i 2011)

Det kann sjå slik ut. For det er ikkje som husmori eig byen, tykkjer ho, det er ikkje det at det er hennar by, det er berre at ho so tydeleg vert ei tidlegare og ei ny/samtidig husmor når ho er der. Det er ikkje fælt. Berre ei undersam kjensla som husmori skal få rikeleg med høve til å granska. Og skriva um.


onsdag 21. mai 2014

noko å tenkja på

«Tidleg på 19-hundretalet var det hard målstrid mange stader i landet. På eit stort møte på Geilo skulle 'Riksmålssekretæren' tala. Han tok for seg læreboki Mannalikamen og helsa av Idar Handagard og gjorde narr av alle dei merkelege ordi han fann der.

'Tunnvangen', sa han. Var det nokon som visste kva det var? Eller 'mjødma'? Eller endå verre: 'segane' og 'råken'? Folk tok til å sjå på kvarandre, utrygge. Dei skjønte nok at talaren venta at dei skulle le, men det var ikkje så lett, for han stod då og gjorde narr av deira eigne ord. Dette var dei ordi dei brukte om tinningen, om hofta, om musklane og om munnvæta. Dei fleste hadde aldri høyrt andre nemningar.»


(Or artikkelen «Norsk medisinsk fagmål» av Einfrid Perstølen.)


fredag 2. mai 2014

komedie i kvardagen

Dei som er med:

Hunden Kaizer
Bestemor (i godt hold)
Far
Bestefar

*

Eit hus i skogbrynet. Fuglesong og furusus i bakgrunnen. 
Far og hunden står inne i gangen.

Far (til hunden): Skal me taka på deg bandet og ganga ned til garasjen? Eg trur det. Du vert so vill når du er inne og det kjem ein bil inn på gardsplassen. (Tek på bandet.) Sånn, ja. No gler du deg, tenkjer eg! Snart kjem bestemor, og då fær du nog godbit.

Dei gjeng ned til garasjen og væntar. Hunden snusar i grøftekantane. 

Far (til hunden): Sjå der, Kaizer! 

Hunden skyt hovudet upp og kvesser øyro. Ein liten, grå bil køyrer inn framfor garasjen. Hunden uler av frygd og lograr so sterkt at han mesta dett yver ende. Bestemor stig ut or bilen.

Bestemor (til hunden): Hei, du! (Hunden kjem burtåt og er sers uppglødd.) So, so! (Bestemor finn fram ein godbit.) Ikkje hoppa, ikkje hoppa! 

Bestemor lyfter handi med godbiten upp og ned, upp og ned, so det segjer seg sjølv at hunden hoppar. Han fer snart hit, snart dit, og bandet surrar seg halvveges kring føtene hennar. 

Bestefar stig ut or bilen.

Bestefar: Kaizer!

Hunden spring mot bestefar soleis at bandet ligg som ei lykkja kring føtene til bestemor. Brådt vert bandet heilt stramt. Det segjer «svupp». Bestemor ligg utstrekt i lufti, um lag ein meter yver den steinlagde innkøyrsla. Ho gjeng i bakken so det ringlar i bereposar og handvesker og laustenner.

Ei liti stilla.


Far (forskræmd): Slo du deg?

Bestemor: Je, nei! Je lænne på puter, je, vettu!


THE END