søndag 8. desember 2013

Ivar Aasen er DAUD

Enno er det nokre vikor att av Aasen-året. For meg er det i grunnen Aasen-år stødt – ja, kvar dag er Aasen-dag, spyrr du meg. Fylgjeleg skal eg halda fram med å skriva smått og stort um denne karen i tidi som kjem òg, anten de vil eller ikkje. I dag skal eg fortelja dykk um ein kjepphest som Aasen og eg rid i lag. Jiiiiha!

Svært mange hev lært at det er stygt å segja at ein person daud. Eg hev høyrt småe ungar ned i 10-11-årsalderen retta på kvarandre, til dømes tvo gjentor på bussen i Nidaros, der ei av deim sagde: «Nabo'n min e dau'.» Då kom det straks frå ho hine: «Nei, det e stygt å si! Du må si at'n e '.» Men kvifor det? Daud og død – det er då plent det same ordet, berre i ulik form? 

Skilnaden er at dau' hev vore den utan tvil vanlegaste uttaleformi i talemål yver heile landet i mange hundrad år. So det, so!' og død hev kome inn seinare, i hovudsak frå dansk. Og kven tala dansk? Dei «fine». So var det vel nokon av dette finfolket som vart støytte og okka og bar seg, og so sende dei ut ålvorsord i aust og vest og greidde å yvertyda det jamne folket um at dau' var grovt og rått og vyrdlaust og ein styggedom – dei laut segja ', i minsto i høgtidssame stunder. Trur eg, då. Noko prov hev eg ikkje. I alle fall hadde mange lært seg til å segja ' tidleg på 1800-talet, då Aasen fór kringum på granskingsferd. Det lika han ikkje!

Lat oss fyrst sjå kva han skreiv um saki i Prøver af Landsmaalet i Norge, som kom ut i 1853. I ei målprøva frå Telemark ser me at informanten hev nytta formi '. Aasen legg inn ein merknad til ordet, og der stend det: «For daud. Ogsaa i mange andre Distrikter gjøres den latterlige Forskjel imellem død og daud, at det første bruges i Alvor og om Mennesker, men det sidste kun om Dyr og i Spøg.» 

So gjeng me til storverket Norsk Grammatik frå 1864. Aasen held seg i skinnet lenge, til dømes skriv han ein stad: «I nogle faa Ord er Ø for Au blevet meget utbredt i Landet, nemlig i Brød (for Braud), Nød (Naud), Død (Daude).» Alt vel so langt. Men han greider ikkje lata vera, og mot slutten høgg han til:

«Det danske Bogmaal har saa længe været fremstillet som Mønster for den norske Talebrug, at det ikke er at undres paa, at ogsaa Almuen tildeels har søgt at lempe sig derefter. [...] I Samtale med fremmede eller reisende Personer ville Landsfolk ogsaa gjerne Tale saa dansk som muligt og vogte sig for at bruge sine egne gammeldags Udtryk, saa at vistnok mange Fremmede komme til at faae et meget feilagtigt Begreb om Landets Talebrug. Paa flere Steder ansees de norske Former at være for simple i en Tale om gudelige Ting, og der findes endog Exempler paa, at et Ord kan bruges i to Former, en dansk til bedre Brug og en norsk til andre Ting; saaledes pleier man paa nogle Steder at sige ‘daud’ om Dyr, men derimod ‘død’ om Mennesker, hvorefter altsaa den norske Form skulde være god nok, naar der Tales om Fæ, men ikke ellers. Og naar det skal være rigtig vakkert, vil man nok ikke heller være synderlig vel tilfreds med saadanne Former som: Aaker, Skaap, Skot, Skuld, djup, turr, og lignende, da de ikke passe til Mønstersproget og altsaa kunne vække Mistanke om Mangel paa ‘Dannelse’.»

 Ja-ja. I Norsk Ordbog frå 1873 er det på'n att. Uppslaget til daud ser slik ut:

daud, adj. 1) død, ikke længere levende. G. N. daudr. (Goth. dauþs). 2) stille, uden Liv eller Rørelse (om et Sted); ogsaa kraftløs, uvirksom, f. Ex. om jord. At man paa nogle Steder adskiller daud og død, saa at det første bruges om Dyr og det sidste om Mennesker, grunder sig kun paa en falsk Forestilling.

Sanneleg eg segjer dykk: Det er ikkje stygt å segja dau'! Tvert um, det er god norsk. Og eg hev Ivar Aasen i ryggen, so det nyttar ikkje å segja imot. I alle fall bør me gjera Aasen den æra, at me brukar daud når me talar um honom.



7 kommentarer:

fivrelden sa...

Takk for oppklaring. Godt skrevet som alltid :)

fridtun sa...

Hehe, takk! Det er vel ei tapt sak, dette her - daud vs død. Men det er lov å prøva seg!

Anonym sa...

Dette skal eg greia å hugsa på :Aasen er daud. -Elles rotar og gløymer eg litt for tida,ser dårleg gjer eg og... Elles lurar eg på om blogginnlegget som vart varsla tidleg i haust,om forkle og grytelappar:kjem det på denne sida av nyåret???Eg har gledd meg lenge.
Anonym kjærastmor.

fridtun sa...

Ja, det kjem! Me hadde ei øykt i slutten av oktober då me klædde oss upp og leika med grytelappar, uppvaskkost og hanskar i fine fargar, samstundes som me koka i «gryta hennar mor». Eg hev masa litt på anonym dotter (det er ho som hev bilæti på kameraet sitt) um at me lyt få det ut til folket, men det hev koka burt, for å segja det slik. Eg skal skriva det på ein arvidlapp, og so prøver me å få det ut no i helgi. Kors på hæsjen.

Anonym sa...

Då har me mykje å gle oss til i heimen i helga:Fyrkleblogg,oldbedding,ertnasuppe på strondæ,russerevy inkl. yngste sonen(har ikkje sett han på 14 dagar grunna øving),og sist men ikkje minst: husvask med kinamat etterpå, eller "sjaina" som me seier! Det kan me kan kalla begge deler berre me nyttar ulikt trykk!(Litt språknedring får eg og til!) Anonym kjærastmor,i dag med ein touch av smoltlukt.

fridtun sa...

Herrrrleg! Og "sjaina" (med ulikt trykk/tonem) er verkeleg språknerding på høgt nivå! Anonym bloggar bøyer seg i støvet. No ja, det hev vore lite støv sidan rundvasken på laurdag. Men støv er som kjent ein sjølvfornyande eller fornybar ressurs.

Unknown sa...

Eg gjenkjenner skilnaden på død og daud i mitt talemål. Daud om dyr og dø om menneske.