mandag 25. november 2013

fridtun (hus)morar seg: ferding spessial

Eit tidlegare innlegg i denne halvdaude (men svært seigliva) husmorbloggen, lova husmori at ho skulde fortelja dykk kvar ho hev arbeidt i det Herrens år 2013, eller rettare sagt år 200 e.Iv. (etter Ivar Aasen), som no nærmar seg enden. Husmødrer i dag arbeider ikkje berre heime, veit de, nokre av dei arbeider òg ute. Denne husmori hev lagt nokre uvanleg ferdafylte månader attum seg, frå Arendal til sud til Sortland i nord, frå Bergen i vest til Elverum i aust, so no ser ho fram til å sitja inne i hòla si og skriva, attåt kledevask og anna som ho koplar hjernen av med. Men du og du so mykje ho hev sét, og so mange ho hev møtt! Visseleg er dette ingenting jamført med den ferdinga som ministrar og turnerande musikarar og yrkessjåførar og slike driv med, men noko er det då.

No er de vel heilt frå dykk av spaning, so her kjem ho: lista yver stadene/kommunane husmori hev havt arbeidsuppdrag i år (stader ho hev vore fleire gonger, er sjølvsagt nemnde fleire gonger, elles vert lista so stutt).

Og! Det må vera sagt: Husmori hev berre vore utanlands éin gong i år, då ho og maken sykla til Sverike i sumar. Det er litt som med Ivar Aasen, berre at han aldri var utanlands. Vel:

Ål i Hallingdal  Trondheim  Skien  Luster  Lærdal  Sogndal  Høyanger
Elverum  Oslo  Oppdal  Stiklestad  Trondheim  Sveio  Haugesund
Vindafjord  Skånevik  Elverum  Arendal  Kolvereid  Rørvik  Namsos
Steinkjer  Leksvik  Levanger  Oslo  Meråker  Stjørdal  Selbu  Tiller
Gjøvik  Lillehammer  Oppdal  Molde  Ålesund  Førde  Os  Trondheim
Melhus  Trondheim  Orkdal  Meldal  Røros  Bergen  Sortland  Oslo  Bærum

Ja, Bærum var prikken over i-en, tykte den sprengnynorske husmori.


5 kommentarer:

Anonym sa...

Anonym kjærastmor vart aldeles sveitt,utsliten og fekk nervøs mage av reiseruta!! Eg håpar du har både godt sovehjarta og sterk mage.-Kvar var dei mest nynorskvennlege,lurar eg på?

fridtun sa...

Jau, eg søv tolleg godt når eg er på tur slik, for eg er som oftast stupande trøytt når kvelden kjem. Magen hev heller ikkje umaka meg noko sers, anna en då eg datt og slo nasenryggen rett i nattbordskanten på eit hotellrom i Trondheim og svelgde ein del blod (dette hev anonym dotter fortalt um, tenkjer eg).

Mest nynorskvenlege var dei - ikkje uventa - i dei nynorske kjerneumråda, til dømes Luster og Lærdal.

Engeline sa...

Slo du neseryggen i nattbordet? Det er farlig å være i Trondheim, skjønner jeg. Det høres ut som en ublid måte å våkne på.

Jeg er tilstrekkelig imponert over listen din, med eller uten duplikater. Du burde få en eller annen liten pris for å ha gjort kulturNorge så mye rikere.

Kristin sa...

Jeg har et spørsmål. Jeg lurer på hvor ordet filletante kommer ifra, kanskje du har et svar på det?

For meg så er ei fille noe man vasker gulvet med, litt sliten vaskefille. Men tanter behøver vel ikke å være sliten og møkkete?

Jeg vet også at en del av nynorsk-folkene jobber for å få mer nynorsk inn i skolen. Jeg kan meddele at gullsmedboka på videregåendeskole, er delvis på nynorsk. Halve er på bokmål og resten på nynorsk.

fridtun sa...

Ellinor: Ja, eg snubla i sekken (det var midt på notti og heilt myrkt i romet), og køyrde naseryggen i kanten. Og so banna eg på finsk! Heilt automatisk. Dinæst svima eg av, mest av di eg vart rædd, trur eg, for skaden var ikkje verre en at det blødde litt og hovna so smått. Men Ida fekk seg ein støkk!

Kristin (namnesyster!): Visst, ei filla er fyrst og fremst ein klut, ei tyremse, eit slite klædestykke. Upphavleg tydde det 'teppe av skinn' - filla er i slekt med fell. I utvida tyding brukar me filla om noko som er dårleg, udugeleg, elendig o.l., jamfør fillebikkje, filleting og slikt.

Eg trur filleonkel og filletante er ei slags utviding av den utvida tydinga, slik at fille- i dette tilfellet tyder 'uekte, ikkje ordentleg'. For i ordboki ser eg at filleonkel hev desse tydingane:

1 mann til tante
2 fars el mors fetter
3 onkel til far el mor
4 nær mannleg ven av familien

So filleonkel og filletante er høvesvis ein mannleg eller kvinneleg slektning/umgangsven, som vert kalla onkel eller tante - men som ikkje er det.
Gav det meining, tru?