mandag 30. september 2013

i gamle dagar

Lenge eg lengta, 
leita meg trøytt, 
skreiv til eg stupte, 
skalv ved tanken 
på at elskhug kjem 
når du ikkje ventar; 
når du sit der ubudd 
med open hug. 


torsdag 19. september 2013

fridtun (hus)morar seg utanfor heimen

Husmoryrket er ikkje kva det ein gong var. Innimillom koking, innkaup, filleristing, klædevask og uppvask, må husmori fara kringum i landet og preika um Aasen og målet hans for folk og fe. Til alt hell ottast ho ikkje fly, for det vert mykje av det, skam å segja. Og bilkøyring. Hau. Er det dét som er å vera «på reisefot»? Ho nyttar føtene tolleg lite, anna en til å trø på ymse pedalar. Men slik hev det vorte.

Skal husmori syta for seg sjølv, lyt ho krjupa ut av skrivehòla då og då. Visst er det leitt å tenkja på at maken må greida seg åleine i heimen, men ingen hev stroke med til no. Dessutan vert gleda ved husstellet endå større når ho hev baksa rundt frå skule til skule i mange dagar; å bretta klutar er so moro at ho mesta brest i lått! Ja-ja. Denne vika fór ho jamvel til hovudstaden og møtte ei grepa bladkvinne (eller vevkvinne?) frå NRK.no. Kva me tala um, kann du lesa her.

No skal husmori ta seg ein klunk (nei då, ei liti skeid) av den gall-beiske hostesafti si, for krimsykja fengde henne ein stad på ferdi, og vondt skal vondt fordriva. Men det er godt å vera heime litt, tykkjer ho. Etterpå skal ho snakka litt med katten.