mandag 15. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Vel, godtfolk, i dag dregst det um torsdag 4. juli. Dagen opna med at nettnerden sa noko slikt som: «I dag vil eg ha ein roleg dag heime og stella myggstikki.» (Ordet myggstikkrestitusjon var fulla òg nemnt.) Som sagt, so gjort!


 Litt utpå fyremiddagen gjekk ho ut 
og gav seg til å samla treskjegg. 
Summe stader laut riva fram.
Stilfullt!


Dinæst fann ho nokre gamle furegreiner.
De undrast vel på kva ho emna på?
Vel:


EIT RÒTADROG!
Eller drogus ròtus, som det rette artsnamnet er.

Sjå, hale og allting!

Det var kjærleik ved fyrste augnekast!


Husmori, som hadde sete på rauvi inne medan
Haugum pusla med ròtadroget, måtte ut og lufta skroget.
Då tok ho dette bilætet av Fjellgutusjøen,
frå toppen av fjellryggen Herbensen (984 m), som
fridtunane gjerne kallar Hermansen, Pettersen osb.

På vegen heim laut ho brøyta seg gjenom ein tamreinsflokk.
Næste gong skal dei få eit Trygg Trafikk-hefte.

5 kommentarer:

Simon sa...

Denne framhaldsforteljinga er ljospunktet i nyhendelesaren min om dagane! :)

Anonym sa...

Fantastisk som denne sommaren med drittver tok seg opp med denne bloggen!!Eg gler meg til kvar dag sjølv om det ausar ned.-Har fjellet vorte kalla Amundsen og? Helsing håpefull anonym kjærastmor.

fridtun sa...

Simon: Det var gildt å høyra! Eg veit det er fleire som sit og fylgjer med, utan at dei legg att spor. Synd det berre er att eit par innlegg no ...

Anonym kjærastmor: Nei, eg minnest diverre ikkje at Amundsen hev vore nemnt. Men det var fyrr! No vert det andre bollar, det skal eg personleg syta for. (Og kven veit, kann henda du fær vitja fjellet ein gong?)

nettnerden sa...

eg sa vel eigentleg at eg ville vera heime og "pleia mine saar". eg saknar regn og drittver noko heilt intenst, nesten like mykje so eg saknar husmori. her gaar det jo ikkje an aa vera! det skal heldigvis verta styggare i august.

fridtun sa...

Ja, men det læt so dramatiskt! (Eg hugsa ikkje korleis ordi fell, so eg hev ikkje feilsitert deg med vilje, assa.) Men det kann henda eg retter det upp lell.