torsdag 18. juli 2013

Post hytta

I går ymta eg frampå um lækjeråd mot posthyttmatisk kvilesyndrom, som stutt sagt er den stoda du er i når du i mange dagar hev vore i fredsame strok millom bakkar og berg utmed svenskegrensa. Der er ikkje kviling det same som late dagar der likamen ligg i ro, for me kann fint driva kroppsarbeid eller leggja ut på lange fjellferder. Nei, i staden er det tale um fri frå kav og mas og asfalt og elektronikk og avtalar og det dei kallar «kamp mot klokka». Det er so stilt der, atte! 

Men kva hender når du kjem attende til meir tettbygde og annsame umråde? Etter ei heil vika med bøker og kryssord og fjellvasslaug, med lange turar i skog og mark, og kjærasten klin innåt? Det ymsar vel alt etter kva slags hug du hev, so nokon ålmenn kur finst vel ikkje. Sjølv likar eg seine skifte, mjuke yvergangar; til dømes fer eg ikkje beint frå hytta og til Oslo sentrum. Då hadde hugen vorte stygt kvesta.

Denne gongen var det nettnerden som fekk den mjukaste yvergangen. Husmori laut skriva ferdug ei tekst, og medan ho sat inne og klora og krota og glodde inn i ein skjerm, sat nettnerden ute og las. Men endå husmori sat inne, fekk nettnerden både sellskap og kjærteikn, for Kaizer låg fint ved føtene hennar. Fylgjeleg reknar han henne som ein fullverdig medlem i flokken, noko husmori set stor pris på. Nettnerden hev elles uttala at ho tykkjer denne Kaizfanten er plagsam og tett i pappen, men me trur ho likar honom lell. Litt, i minsto. 


 Lesestund med hund:




onsdag 17. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Vyrde hytteblogglesarar: Det er med tungt hjarta eg kunngjer at me no er komne til siste bolken i denne spanande soga. Laurdag 6. juli fór me ned att til Elverum, eller til siviliasjonen, dei kallar. Men innan dess rakk me å lauga, eta frukost ute (hm, åt me ute både fredag og laurdag?), lesa, sjå til ròtadroget, skriva ferdig innlegget i hyttaboki og kverka um lag 70 kleggjer, for dei òg vilde sitja i solveggen, må vita. Nettnerden nytta òg høve til å snikfotografera den lesande husmori:



For dei nyfikne kann eg melda at eg her les
Språknytt, det vesle bladet åt Språkrådet.
Meir presist: eit stykke om jubilanten 
og husguden Ivar Aasen.

Ikkje lenge etterpå kom far til husmori (for me hadde ikkje bil, so nokon laut henta). Han vølte torvtaket medan me pakka og fjelga hytta, dinæst bar det i veg. Det vart jamvel ein liten stogg med is og kaffi i Engerdal.

Me tanke på dei som no kjem til å slita med ålvorlege abstinensar: I morgon kjem eit bilæte som syner korleis du kann kurera posthyttmatisk kvilesyndrom. Gled dykk!



tirsdag 16. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Me er brådt komne til den næst siste dagen av hyttedagane til Haugum og husmori: fredag 5. juli

Denne dagen merkte seg ut frå hine dagane, for no var det sol og (so godt som) blao himmel – heile dagen! Fylgjeleg åt me frukost ute, du og du! So fann me ei Hvor er Willy?-bok og var fullt upptekne med henne ei god stund. Då me var komne vel gjenom boki, såg me noko undersamt på bakken attmed benken: Ein flokk maur hadde kverka ein makk (eller funne ein som alt var daud), og no var dei i full gang med å klyppa honom i bitar og bera liket burt til tuva. Trottuge krek! PS. Ida ofra nokre rosiner til deim.



Då me kjende oss ferduge med maur-glaningi,
sprang me ein tur. Dinæst var det lauging, sjølvsagt.
Nettnerden herde seg og sumde, til og med!
Vasskalv, kallar me slike.


Husmori sumde òg litt. Eller, det er snaudt 
40 centimeter djupt der ho er, då. Merk òg at
i tillegg til laugingi på denne lange og lokkande
sandstrondi, tok me morgonlaug ved 
båtplassen nedanfor hytta mesta kvar dag.


Utpå ettermiddagen drog husmori aggregatet i gang.
Då steikte me vaflar, drakk øl og løyste eit
påskekryssord (med stolen som skrivebord?).
Det var skiftarbeid: steik tvo plator, so løyser
du kryssord til ho hi hev steikt to, osb.
Ingi sak å vera husmor i slik ein heim!


mandag 15. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Vel, godtfolk, i dag dregst det um torsdag 4. juli. Dagen opna med at nettnerden sa noko slikt som: «I dag vil eg ha ein roleg dag heime og stella myggstikki.» (Ordet myggstikkrestitusjon var fulla òg nemnt.) Som sagt, so gjort!


 Litt utpå fyremiddagen gjekk ho ut 
og gav seg til å samla treskjegg. 
Summe stader laut riva fram.
Stilfullt!


Dinæst fann ho nokre gamle furegreiner.
De undrast vel på kva ho emna på?
Vel:


EIT RÒTADROG!
Eller drogus ròtus, som det rette artsnamnet er.

Sjå, hale og allting!

Det var kjærleik ved fyrste augnekast!


Husmori, som hadde sete på rauvi inne medan
Haugum pusla med ròtadroget, måtte ut og lufta skroget.
Då tok ho dette bilætet av Fjellgutusjøen,
frå toppen av fjellryggen Herbensen (984 m), som
fridtunane gjerne kallar Hermansen, Pettersen osb.

På vegen heim laut ho brøyta seg gjenom ein tamreinsflokk.
Næste gong skal dei få eit Trygg Trafikk-hefte.

søndag 14. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Den nervepirrande soga om dei tvo turtelduvone (som anonym husmor-mor kallar oss) held fram. Denne gongen skal de få sjå kva som hende onsdag 3. juli.



Her hender det då ingen ting, tenkjer de. Jau då!
Haugum hev nett søkkt seg ned i Fjellgutusjøen.
(Utan ein tråd, tradisjon tru.)


Meir fisking, her i sørenden av Yttersjøen.
Merk: Nettnerden ber Dale-genseren som husmori fekk
av Skiforbundet fyrr ho fór til ungdoms-OL i Slovenia.


Trøytt husmor koplar av med Pondus
(men her er ho mest uppteki av fotografen).


lørdag 13. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Superlaurdagen held fram! No er me komne til: tysdag 2. juli. Og for ein dag!



 So snart frukosten hadde sokke ned i magen, 
sette me oss på syklane og trødde i veg.
Me skulde til utlandet, må vita! 
Um de kvesser augo, ser de nettnerden
i fint driv på toppen av kneiki.


Me stogga ved grensa på vegen heim, for me laut ha fotoprov frå ferdi.
Dei myrke flekkene på stuttbroki til kjærasten kjem av ei regnskur 
som heldt oss med selskap ein halvtimes tid. 
Med på bilætet: lokalavisa Falu Kuriren,
som nettnerden analyserte sist sumar.

Husmori laut sjølvsagt gjera seg til.
Merk at me båe hadde «Kvifor ikkje?»-skyrta på oss.


Attpåtil var det bit på fisken i dag, men serleg stor fangst vart det ikkje.
Fem-seks små-åborar heiv Haugum uti att, men denne tassen hadde
bite seg so godt fast at det var uråd å berga honom.
Ein aure beit òg på agnet, so det vart steikt fisk til frukost dagen etter.


 Kjærasten i kjend stil. 
Dei myrke skyene tetna seg til og kom siglande,
so det regna ...


... og regna. 
Nettnerden var nøgd, for ho hadde regnklæde og bitet vart bra.
Husmori hadde berre ullgenser, so ho stod under eit tre,
i minst ein time, fyrr ho beinflaug heim.
Men ho hadde det gildt, ho òg.




Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg, makk og mykje moro

Hoi! Det gjekk snøgt i svingane i går, og då det umsider vart rolegt, hadde eg gløymt heile blogg-greida! Vel, då skipar eg heller i stand det som på/i Nynorskstafetten heiter SUPERLAURDAG: ein laurdag fullpakka av godsaker. I dette tilfellet: tvo blogginnlegg same dagen.

Fyrst ut: måndag 1. juli


Kjærasten grov makk i denne sjeldsynte bunaden.
Hatten ver godt mot mygg, knott, klegg og andre blodsvoltne,
men ho lærde snøgt at myggen stikk tvers igjenom tunt stilongsty ...



Nettnerden fiska i Håmmårsjøen (utan hell). 
Husmori låg i lyngen og løyste kryssord.


Uklårt bilæte, men det lyt med: Kjærasten ligg og les,
men kva les ho? Gamle damemagasin frå etterkrigsåri!
Her fann me mykje spanande lesnad, til dømes novella
«Kle seg om til middag», 
som me ein kveld las høgt – med innleving.


Elles var dagen logn og fin, som hyttedagar skal vera. Me lauga oss i sjøen (under 15 grader i vatnet, trur eg), sutla med kaffi, åt tomatsuppe med mætti god lauk uppi, las, las, las. Gildt.




torsdag 11. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg og makk og mykje moro

Her kjem andre bolken i soga um hytteferdi vår sist vika. Me er no komne til sundag 30. juni.



Sundag fyremiddag var det ut på tur, må vita. Me tenkte fyrst å ganga
i skardet millom Båthusberget og Litlsjøberget, men so sagde den kloke
veslesyster mi at det kom til å vera svart av mygg der. 
Difor gjekk me rundt Rundhøgda (1120 moh.) i staden.



Gleda var stor då ein snjoflekk openberra seg i lidi!
Kaizer rulla og gneid og grov seg ned i godsakene.


 Nettnerden nyt utsyni yver Mare Nostrum: Fjellgutusjøen*.

* Mare Nostrum (latin for 'havet vårt') var det romerske namnet på Millomhavet (el. Middelhavet). Fjellgutusjøen er litt mindre, men det er eit hav av sik i han.



 Meir hund: Jamvel um Kaizer både er eit etardrog og eit ròtadrog,
greider han å få rauvi i gir. Reine Silkesvarten!


På ferdi ned att snudde eg meg tidt og såg upp på 
Storslåga (1344 moh.). Dit gjekk kjærasten og eg sist sumar, 
like fyre me vart kjærastar.
So me gjekk vel og lurde litt på einannan ...

Sit du og bidar på bilætet av ho som grev makk i rosa stilongs? Vel, det kjem i morgon. Vente til fræddan!



onsdag 10. juli 2013

Um då Haugum og husmori var ei vika i øydemarki utan straum og verdsvev, men med mygg og makk og mykje moro

Sist vika (eller frå laurdag til laurdag, då) var nettnerden og eg på hytta i Femundsmarki. Gode dagar! Me skal attende næste sumar òg, berre so de veit det. Frå i dag kjem eg til å leggja ut småe blinkskot for kvar dag me var der, so hev de litt å glytta på no i ferietidi.


Fyrst ut: laurdag 29. juni

Mor, far, eldste veslesyster og hunden var med upp frå Elverum, og dei låg yver til sundag. Me var ikkje fyrr komne til gards, fyrr einkvan gaula: «Hau, her lyt vi klyppe plenen!» So våronn var fyrste post på progammet.



Busserullen var med, sjølvsagt!
Nettnerden meiner eg liknar André M.R. på dette bilætet. 
For eit heidersteikn!

... og stort meir hende ikkje denne dagen. Me åt middag og løyste kryssord. 

Fylg med i morgon, godtfolk, då fær de sjå korleis hunden rulla seg i snjoen og kjærasten grov makk i rosa stilongs!