lørdag 26. november 2011

den franske friaren

No er det skidleik på skjermen att. Heile laurdagen og sundagen er det langrenning og langhopping og ymse anna rart å sjå. Her i huset stend huset på hovudet når slikt stend på. I minsto er det éi her (ikkje eg) som læt seg riva so inni hampen med. Eg ser litt, eg òg. Hopp, i alle fall. Og stundom kombinert. Det er ein hugtakande idrott som eg - ser eg no i ettertid - gjerne skulde røynt ut i ungdomen. Dessutan er det moro å sjå korleis ein viss dreng frå Frankrike gjer det. Lat oss smyrja tjukt på og kalla honom den franske friaren.


Her er det turvande med ei liti uttyding: Hausten 2003 var eg ei snaud vika i Predazzo, Italia, på hopprenn. Det var ein morosam tur med mange sprel, men det er ei anna soga. Eg minnest ikkje korleis tevlingane gjekk, men det er heller ikkje so vikugt i denne samanhengen. Me budde på eit trivelegt gjestehus der me fekk pasta jamt og samt. Ymse lag frå andre land budde der òg, men eg ansa ikkje stort etter dei. Eg vilde no helst vera i fred.


Me var i alt tri norske gjentor på denne ferdi, og me budde på same romet. Ein kveld kakka nokon på døri. Det var ein gut. Dei hine gjentone baud honom strakst koma inn, og inn kom han. Med same eg såg honom, tenkte eg: «Å, det var då ein kjekk kar. Og eg ser at'n er snild. Um eg skulde ha vore i lag med ein gut, måtte det ha vore ein slik ein.» Men når sant skal segjast - eg hadde jamt røynt at desse idrottsgutane var breidale og alt for sjølvnøgde, so eg lika ikkje heilt at han kom inn her og skipla den fredsame kvelden vår. Eg heldt meg i ro burte i kråi mi; høyrde på musikk og glytte mot deim då og då. Slik gjekk det ei stund, heilt til ei av gjentone sagde: «Kristin, eg trur det er deg han er her for!»


Eg kvapp og kvakk og trudde fyrst at det var skjemt. For noko slikt hadde då aldri hendt fyrr! Aldri (etter barneskulen) hadde ein gut huglagt meg, i alle fall ikkje ein som eg kunde ha huglagt sjølv. Spanande! Og det var ikkje skjemt, det skyna eg. Det var meg han vilde tala ved. So me tala. Sat der på sengekanten og rødde heile kvelden. (Det høyrer med til soga at mor hans er frå Sambandsstatane, so denne franskmannen tala engelsk so det gauv). Ein lugom kar! Og so sagde han slikt som at han totte renn var morosamt, men allrabest lika han å renna på skidor åleine i skogen; berre vera for seg sjølv og tenkja. Å, kva for slags gut var no dette? Fanst det slike?! 


Det var sæle saker. Augo hans var so snilde, og han smilte og smilte åt meg heile tidi. Eg minnest at eg vart gripi av slik undring og skrekkblanda frygd, for var det ikkje so at eg berre lagde elsk på gjentor? Måndag 13.10.2003 skreiv eg i dagboki mi: «Han var kjekk og koselig, han. Og nå som jeg nesten var overbevist om at jeg var 'ænnskjles'... så kommer han og roter til alt.»


Rota han det til? Nei. Han gjorde ikkje det. For endå um eg var fengsla og uppglødd, so var eg ikkje forelska. Og inkje hende, og eg tala berre so vidt ved'n sidan. Lika fullt hev eg hug til å taka dette hendet som prov for at seksuell orientering ikkje er noko fast og endelegt. Heller er det slik, som granskarane segjer, at det er meir som ein skala som me kann glida att og fram på. Den franske friaren drog meg litt i heterofil leid, men noko meir en ein uskuldig flørt kunde det fulla ikkje ha vorte.


Forresten var han til stor hjelp for meg, der eg sat ihopkrøkt i skåpet mitt: Når venene heime i Elverum spurde um eg «hadde nokon i kikerten», for det gjorde dei rett som det var, kunde eg segja at «jau, det var no han der franske, då.» Ei høveleg naudlygn som berga meg mange gonger.


Seinare har den franske friaren min vunne VM-gull og OL-gull og vore uslåeleg i verdscupen. Eg undrast på um han hugsar denne forstøkte norske gjenta han var so greid mot. Fuglane må vita!

*

5 kommentarer:

Ho so stenn på haue og ser på vintersport sa...

Fuglan på meisebollen he fortalt me at han ikkje he glømt d. Ekje rå å glømme d da vettø!

fridtun sa...

Takk, husmor! Det var godt å få det avklara. Me fær beda fuglane helsa 'n Jason.

Silje W. sa...

Jeg har jo hørt det før, men det var vel så fint å lese. Og så er jeg jo veldig glad i "glidende skala"-hypotesen.

Zeugma sa...

Å, det var ei fin forteljing. Det er så godt å berra kunna _lika_ andre, utan å pressa det inn i ein eller anna kategori som «forelsking», «venskap», eller kva det no skal vera.

fridtun sa...

Ja, skalaen - det er noko der. Og det er eit sælt minne som hyggjer meg med å tenkja på innimellom. Ein fin fyr, og ein fin kveld. Och så ska' det va'.