lørdag 16. april 2011

tidstader

Det er noko som heiter kronotop.
Eller tidstad, i norsk målbunad.
Det er visseleg ikkje so at eg skynjar godt og greidt kva
ein slik kronotop er - kann henda gjer ingen det.
Utan vyrde Bakhtin, vel, som tok ordet frå natturvitskapen
og inn i litteraturvitskapen.

Kor som er: Tidstad.

Eit serskilt band millom tid og stad.
Ei serskild tid på ein serskild stad.
Ein serskild stad til ei serskild tid.
Eller noko slikt.

Alle veit at sovordne samband finst, anten slik eller slik,
og stundom ter dei seg for oss, desse undersame bandi.
Dei stend der so reine og skire og berrlagde. Til dømes:

Det er påskefri. Det er sol og skogsus og varmt i vêret,
vegane er turre og all grus og grums er kosta burt.
Godt sykkelføre, med andre ord. På med hjelmen, rulla i veg.
Fyrst på slump, utan nokor ruta eller mål,
men snart vert det eit mynster utav det lika vel:
Stader som høyrer barndomen og ungdomen til.

Barnehage, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande.
Fotballbanor, hoppbakkar (Hermanshulua og Ydalir).
Klatretre, skuleveg, hus eg ein gong hev vore i.

Og stødt denne undersame kjensla:
Det er same staden, men det er ikkje same staden.
Det var her, men det var ikkje slik.

«Det høyrer til ei onnor tid», segjer me.
Soleis er det med stadene òg. Dei hev serskilde tider.

Eg ser at asfalten på skuleplassen er den same som for ti år sidan,
men det er mest som ein annan asfalt lell.
Det er liksom noko kvorvi og avstengt med heile greida.
At staden då ikkje er den same som staden no,
jamvel um han er det. For eg kjenner det att, alt,
staden er staden, heilt seg sjølv, eg ser det klårt og greidt,
endå er alt tvers igjenom annarleis. So langt ifrå, liksom.
Mest som minnet og røyndi ikkje vil samstavast og semjast.

Er det eg som er annarleis?
Er det tidi?

For staden er vel den same? Eller?


.

4 kommentarer:

Ragnil sa...

Så godt skrive, kjenner meg veldig att her. Det raraste for meg er lell når ein kjem til ein stad er så knytt til ei tid at det er mest som om det er tida som vrir seg attende og ein blir den ein eingong var, med dei same kjenslene og draumene. Om berre for den vesle stunda. Så blir ein sitt notidige sjølv att og då må stad-kjensla endre seg, som om de ikkje kan eksistere i same tid.

fridtun sa...

Ja! Vridtid! Dét er fulla ei lagleg nemning? Undersame saker. Just som alt anna i denne undersame verdi... (ja, slik held det fram beint inn i æva)

dativfleirtal sa...

åh! til teksten sjølv, og kommentaren til Ragnil. eg er ofte utsett for både eine (tidstad) og hitt (vridtid) - endå eg so veldig vil vera ei som lever her og no. eg har det som opphøgd idealtilstand, men det verkar vera uråd for meg. eg er litt før eller heng litt etter. vert eg utsett for særskilde lukter eller ljod (musikk), SÆRLEG i kombinasjon med stad, kan eg hamna gale langt attende.

fridtun sa...

Samd i alt, dativus! (dativa?) Å liva her og no, «carpe diem», å liva i «nuet», bladibla, det er uråd å setja um slike glitrande teoriar til praksis. Tidi er uskynleg, berre. Det er serkjennet hennar.

Notidi mi = å lengta mot framtidi samstundes som eg sit fast i fyrrtidi. Lapskaus!