torsdag 1. oktober 2009

stire-alv & vasspyttar

Sigur Rós hev ei dyngja med songar som riv og slit i hjarterøter og alt slikt som er mjukt på innsida, det er liksom bringa vert knoda og elt som ein deig berre Jónsi kjem burti gitarstrengane med cellobogen sin. Men me fær ikkje gløyma at dei hev ei rad blide songar òg, islandssønene, og ikkje sjeldan støyter me på leikande og barnlege visor, som "hoppípolla" frå takk og "starálfur" frå ágætis byrjun. Eg etlar å tyda båe til norsk og leggja deim ut til gaman og gleda for ein og kvar, av di:
1) "hoppípolla" er so grum-god og morosam og sorgsam og fengjande og alt på éin gong, og dei som likar songen utan å skynja ordi, kjem evlaust til å tykkja endå betre um honom når dei ser kva det dregst um;
2) "starálfur" høver godt til skire haustkveldar. Og sovordne kveldar kjem snart, berre alle regnskyene fær gjort ifrå seg.


"hopp-i-pyttar"

smilande
tek me i ring,
held hender,
heile verdi uklår
utan du
som stend

renneblaut
dyende våt
utan gummistyvlar
du flyg inn i oss
vil springa ut or skalet

vinden
og utelukt av håret ditt
eg slo so hardt eg vann
med nasen min

hopp-i-pyttar
utan gummistyvlar
dyende våt (renneblaut)
utan gummistyvlar

og eg bløder naseblod
men eg stend uppatt stødt

og eg bløder naseblod
og eg stend uppatt stødt


"stire-alv"

blå natt yver himmelen
blå natt yver meg
ser ut or gluggen min
med hendene
falda under kinn
tenkjer på dagen min
i dag og i går
klæder meg i blåe nattklæde
beint upp i sengi
breider yver den mjuke dyna
læt att augo
løyner hovudet under dyna
der stirer på meg
ein liten alv

spring imot meg, men rører seg ikkje
stirealv sjølv
eg opnar augo
fær svevnen undan
tøygjer meg og trur eg er (for eg ser ikkje)
attkomen og at alt-alt-er-i-orden
men enno vantar noko
liksom alle veggjene -
stirealv.

4 kommentarer:

Ragnil sa...

Å, å, å! Eg er så glad i hoppipolla, så at teksta var så fin var dobbeltfint. :)

fridtun sa...

Hurra! Eg vona noko skulde segja det :)
Éin ting som eg korkje vil eller kann setja um, er dette himmelsk nydelege ljodet songen endar med, eit slags "aouiiiiiiii", just som eit barnlegt lukkerop. Å, kor eg hoppar av frygd!
;D

-kf

Zeugma sa...

Åh, så nydeleg! Du er god til å fange inn det litt naive, uskuldige, men samstundes djupe.

fridtun sa...

Å jøje! Her kom du med mykje fint på ein gong! Takk og smil og ha ein gild måndag. Her i Øysterdalen er det frostrimi graset og isblå himmel.

-kf