tirsdag 30. juni 2009

ugras

Ein ovstor fyremun med islendskkunna er at eg kann skynja ordi åt songaren i Sigur Rós, minder han syng vonlensku, då, må vita. Mest alt er skinande poesi, ordmagi. For å syna dét, hev eg sett um perla illgresi til norsk. Den islendske teksti finn du her.


du søv heilt til høgst å dag
du døyr og livnar til
lauvsbladi brigdar litene

du kjenner - ferd på føter,
klædd i regnkåpa - du held ut til myrketidi

du riv or deg hjarterøter
som du trør på
med hendene i lumma,
med nog å gjera
eg gjeng i blaute graset
heilt innåt

det skin på meg
igjenom tregreinene
sjå du upp og livna til
lauvsbladi brigdar litene

me finn logn, fester røter
avklædde or hjarto
me held ut til gode dagen

me plantar og gjev liv og spring ut
med hendene ute or lummone
ut til rotjordi
me tek undan styggtankane no

tidi lækjer alt, gjev liv, gjer upp eld
av sjælslogar

ikkje lenger kaldt, eg hev atter liv
mi sjæl livnar
eg målar verdi


Huga på å høyra?
Verði ykkur að góðu!

7 kommentarer:

Zeugma sa...

Åh, det er så vakkert, så vent, Kristin!

Takk

Fridtun sa...

:D So gildt at du tykkjer det! Ja, desse 'krakkarnir' (gutane) evnar å laga god tonekunst.

-kf

andré sa...

FINT!

(Kall meg ein krakk (gut))

synnøve sa...

Jepp, Sigur Rós = <3.

Har du sett denne videoen? Han er nydeleg (og trist):
http://www.youtube.com/watch?v=akYuy2FMQk4&feature=related

fridtun sa...

Å ja, å ja! Nydeleg. Denne er heller ikkje dårleg: http://www.youtube.com/watch?v=8L64BcCRDAE&feature=channel


-kf

André: frå no er du berre 'krakken'. Like greidt å venja seg til det med éin gong.

Mari sa...

Åh, Sigur Rós er noko av det vakraste på planeten. Har du sett dei live nokon gong? Rein magi. :)

Så nydeleg nynorsk du skriv!

fridtun sa...

Ja, det vakraste på planeten.
Nei, eg hev diverre ikkje sét deim live. Men eg hev sét Jónsi på gata i Reykjavík!
Du hev vore på spelning med Sigur Rós? Berätta!

Takk for lovord! Eg er fulla ein gamlis-ungdom som skriv gamlis-nynorsk. Trivst med det!

Seg meg, kven er du? (anna enn ein kjenning av Ida dativfleirtal?)

-kf