fredag 22. august 2008

Frå fjellgutudjupet

I Fjellgutusjøen er det lake. Laken er ein ljot og sleip botnfisk som et alt av kjøt som finst nede i djupet. Far min fekk ein diger rugg i garnet sist helg. Skinnet var so hardt og stivt at dei laut skjera og vrengja det av med tong. Det er ikkje ofte laken fastnar i garnet. Her kann de sjå'n (fisken, ikkje far):
















Feitt å liggja på kjøkenbenken med solbrillor















Feitt med solbrillor og tunga uuuut

Eg hev likso greidt skrive eit kvæde til styggen:


Kvæde åt laken

Stilt no, frende,

stogga leiken;

høyr um drott

som dagen løynde:

Vreid og vondkynd,

verste guten,

styggen sjølv

seig stilt mot land


Han gøymde seg

i Gutulidi,

drog han der

åt djupe vatnet;

langt til botnar

laut han symja;

myrker løyner

mangt eit lyte


Draugen smaug

i duld og dimma,

lått og yl

i lynget leika

Vill han vakna,

veidefisken;

fælsleg kjeft sku’

føda fanga


Grå han gleid

med gløypetruten

Flo og flengde

fiskar mange;

svolten reiv

og sveiv i buken,

mange matmål

trongst til metta


Brått han fastna,

botnfisken;

kava kaut

i kjempegarnet

Diger rugg

med drjuge krafter –

mun han vert

eit matmål sjølv!


mandag 4. august 2008

Endå eit ferdaminne. Og ymse anna.

I dag er ein god dag. Difor kjem eg med ei godt innlegg. Med det meiner eg meiner eit innlegg um gode greidor.

På denne dagen, 5. august, i 1813 vart ein gut fødd på ein liten gard i Hovdebygdi. Og det var ein viktug fødsel! Jau då, jau då, for det var han far Ivar. Aasen. Eller Iver Andreas, som var døypenamnet hans. So, vyrdnad til honom - me ynskjer til lukka med dagen!

På fredag og laurdag sist helg var eg på ei av dei finaste ferdene eg hev vore på i sumar. Det var ei slags pilegrimsferd for meg. Kva som var det heilage målet? Barndomsheimen åt'n Ivar, Ivar Aasen-tunet. Far og eg. Me drog. Næsten spontant (me avgjorde det heile på torsdagen). Fredag ettermiddag fór me i veg. Uppetter Mjøsa og væne Gudbrandsdalen. I kveldingi stogga me midt på Strynefjellet. Me fann ein stad å setja bilen, slo upp teltet. Eg laga suppa på primusen, og drog fram ein isboks med heimelaga semulegrynspudding i og havde raud saus attåt (det er fulla berre du, tanta, som kann sjå fyre deg kor glad han far Fridtun vart då!). So fall me i svevn, med susen frå ein fjellbekk i øyro... hoh, nasjonalromantiskt! Um morgonen bar det i veg att. Me vitja tunet - det var KNALL! So køyrde me heimatt på ettermiddagen, same vegen som me kom. Terningkast 6!
Her er nokre bilæte frå den gilde ferdi:
















Bustaden.
















Gamlevegen ned frå Strynefjellet.

















Eit stabbur frå tidi åt far Aasen.




I går kveld var eg med mor ute i hagen (ikkje som sist gong). Eg sette nokre blomar ned i jordi og reinska burt eit utal grøne makkar som åt upp alle blad på klematisplanta åt 'a mor - dette er fjorde året dei held etarlag i planta hennar. Ho var leid heile dritten.
Eller som ho sagde: "Nå er dine dager talte, din jævla klematis!".
So køyrde ho spaden ned under den uppetne voksteren og braut upp alt i hop so det knaka i røtene og jordi skvatt til alle kantar. Det er tak i ho mor, gett!

Dessutan glytter soli ned på oss i dag.
Gildt.