onsdag 30. juli 2008

eg leikar po(t)et

Det vart litt for ope sist.
Eg legg inn eit sjølvskrive kvæde i staden.
Freistnad på fornyrðislag er det au.
Um det held mål? Veit ikkje.
Er det for kjenslefullt? Utan tvil.

Eg hev kalla det Vantarmål.

Uhag er han
som eidar bryt
og svorne voner svik
Venelaus han vert
som vinglar stødt
millom hjarta og haus

Sjå deg fyre
når sumaren ris;
for stygg-velor vonde
Han fær trega,
trauste hugen,
når tidi tung skal tolast

Møyi du sveik
og miste or handi;
det tyngjer visst hugen tidt
I sakn og einsemd
sviv no skalden;
går korkje frygd hell gaman

Myrker og otte
merkar han best
som sut-tyngd i stova sit
Bjarte soli
og byrg-grøne graset
kann kje støyten stagga

Ber du byrdi
byrg på herdi;
veik er vond hugstein
Venta allstødt
i år og æva,
og hugen hard skal heilast







mandag 21. juli 2008

jag är allt som du valt bort

Dagen i dag hev vore god. Han hev fare snildt med meg. Men eg veit kva som kjem, veit kva som byggjer seg upp innantil. Anten eg vil eller ikkje.

Eg/det/verdi/alt
kjem til å
bresta/klovna/rivna/sprengja/slitna sund.

och det finns inget att göra åt det.

Eg reknar dagar. Ein-tvo-tri.
Læt meg sjølv renna seint og seigt mot det svarte gapet framfyre.

Men dagen i dag hev vore greid, ja.
Eg hev fenge både regn og sol, by og skog, kaffi og te, ljos og myrker.

Vesle-veslesyster og eg var i Leiret. Me var på biblioteket, henta ut togbillettar (me fer til Nidaros i morgon, ho og eg), me var på kaffistova, me kjøpte mjølk og brød. Her er tvo vyrde vener. Og eg.

















Sidan sprang veslesyster og eg i skogen. Då me var attkomne tok tora til å rulla og slå, og regnet hylja ned. Det var gildt. Eg gjekk ut for å plukka røsslyng (Calluna vulgaris) til mor. No stend dei attmed meg på kjøkenbordet. Og "røss-" kjem frå norrønt "hross", det tyder hest. Dei fôra hestane med henne, planta. Ho er væn. Serskilt i regnet.

So vart det upplett. Soli fall gjenom glaset og inn på tregolvet. Eg. Berrføtt.

















Ein varm ljosflekk. Ei mjuk glenna. Grøderikdom.

Graset er so skarpt. På lìt. Kvassgrøn. Frisk. Men mjukt og blautt. Helsing frå hudi. Og hunden:


















Grønt. Eg trur eg hev ein grøn sjel. I dag, i minsto. Grønhugen, das ist mich. Ei liti rid til.
For midt i vìka...
Nei.
Nytt innlegg kjem på fredag. Um eg vinn med det.

lørdag 19. juli 2008

snart utferd...

Her kjem siste innlegg frå Danmark. I går var det eksamen og dinæst fest på kvelden, og no tek folk på heimvegen. Me er tri som dreg i morgon, då fær me heile skulen for oss sjølve ei stund!

Denne vìka hev me for det meste arbeidt med eksamensuppgåvone. Deildi mi skulde gjera ein litterær og tekst-teoretisk analyse av "Hjertesorg" (slump?), det er ei stutt tekst skrivi av H.C. Andersen. Vriden tekst, men det gjekk då greidt. Eg trur alle deltakarane her fekk "velbestået". Ikkje veit eg kvifor dei hev "velbestået-bestået(-ikke bestået)" då, men dei fær no berre køyra på. I morgon skal eg heim!

Det hev ikkje vore mykje å knipsa denne vìka, men her kjem sumt lell:

Eit lite, grumt glas med syltety.
















Ein benk med bokstavar.

















Um du ser nøgje på bilæte, kann du kanskje sjå at trekruna liknar eit hjarte... :p

















Ei dansk brygga seint på natterstid.



















Eksamen. Sjå Nasse som sit framme, han er med, må vita!


















Innmed veggen sit ein harepus. Det er mange av deim kringum her.

















So, då segjer eg tack & hej, no skal me på ein millomaldermarknad. :D

fredag 11. juli 2008

og det er Frejas sal

...skreiv Adam Oehlenschläger um Danmark i 1823.

Jau, då hev me vore i vyrde Århus i tvo vìkor. Byen hev ikkje smoge seg inn og funne fast feste i Fridtun-hjarta, men det er ein triveleg by og eg vil gjerne koma att seinare.

Me hev havt tri dagar med fyrelesingar, so tvo fridagar, so ei ferd til Skagen, so atter ein fridag. Torsdag var me ein hop på Vikingmuseet.
Århus (i gammall tid Aros) er den næst eldste byen i Danmark, og under ein Nordea-bank attmed domkyrkja kann ein sjå sumt som arkeologar hev grave fram. Nokre meter under bakken ligg allskyns restar etter vikingbyen som låg her. Arkeologane fann til dømes nokre bein:


















Slik var Aros for um lag tusund år sidan:

















Mumitrollet mitt er jamt og samt med i fyrelesingane, men han er ikkje so ihuga... Her 1) søv han; 2) hev fenge koffeinsjokk:































Jaja. Han er ein greid kar.



Her kann de sjå kven som køyrer kringum i by'n:


















På fredag drog eg og nokre andre på Moesgård Museum. Der såg me til dømes Grauballemanden. Han er gammall, drjugt 2000 år. Me såg au runesteinar, ei utstilling um Ötzi, moselik, vikinghus og ymse anna. So gjekk me kringum i parken åt Moesgård, og eg fekk eta rips og klatra i tre





















































Heile laurdag var me på Skagen-ferd. Her kann de sjå sumt:

















Sprell utanfyre museet.


















Namngjetne Brøndums Hotel. Her åt me ein steike god frokost. Her hev H.C. Andersen vore au.

















Her er me på Grenen. Skagerak og Kattegat møter kvarandre. Mykje straum i vatnet og ulovlegt å bada (men sume gjorde det lell).


Det beste med heile vìka: Eg sat på bussen mot Skagen, eg veit ikkje kvar me var, det fine er at det spilar ingi rolla, eg sette på 747, eg hev ikkje høyrt songen på mange vìkor, kjensla av å koma heim slog ned i meg etter mindre en eitt sekund. Etter tvo eller tri sekund tok det til å regna utanfyre. Vatn på glasruta. Grått. Ein norsk bil med skiltnummer "KF eit-eller-anna" køyrde jamsides med bussen. Jakka mi låg som ein ball mot glaset med eit trøytt Fridtun-hovud på.
Det var höjdaren.
Eg tykkjer ikkje det er trist, eg tykkjer det er godt.

maybe this time it won't heal
maybe this time it will bleed untill I am free


Heimferd um ei vìka.

søndag 6. juli 2008

Fyrebils ferdaminne Nordkurs 2008

No er eg i Århus.
Nordkurs.
Ved Århus Universitet.

Kvar vìka skal eg koma med nokre småe glytt for dykk, fortelja litt um sumt som hender her i det flate landet. Bilæte høyrer med. Her kjem det fyrste av tri innlegg.

Fyrst ut: danskane er likso velseda (eller useda?) som nordmenn. Sjå til dømes på dette uppslaget på kjøkenet på nordisk institutt, dette er noko me nordiskstudentar kjenner frå Svennevig-boki og pragmatikken:





















Jaggu nyttar dei same implikaturar her au!


Stutt um kurset, eller skeidet, som me gjerne segjer på norsk: me skal læra um mange ulike emne, frå tekstteori og tekstanalyse (mykje um logikk, proposisjonar, pragmatikk, skiljet millom sakprosa og skjønnlitteratur), til modernisme og syndefallsmotivet. Denne vìka hev me arbeidt med tekstteori og analyse, i morgon tek litteraturbolken til. Siste vìka vert nytta til fyrebuing til eksamenen 18. juli. Då skal me leggja fram eitkvart i gruppor for klassa (uppgåvone vert haldne i løynd ei stund til) og få i gang eit ordskifte.
Japp. På litteraturpensumet hev me De måske egnede av Peter Høeg og ei novella av Steen Steensen Blicher, nokre dikt av Henrik Nordbrandt, og ein hop modernistiske tekster. De som er serskilt huga fær spyrja um de vil ha namn og titlar ;)

Deltakarane her er for det meste svenskar og finlandsvenskar, me er einast tri frå Noreg. Attpåtil hev me ein sveitsar som talar både norsk og dansk. Her er folk i alle aldrar, og alle som ein er jättetrevliga og fine å vera saman med. Nordkurs er som kjent ei samling som er minst like sosial som fagleg. Me bur på ein hushaldningsskule med det ikkje smålåtne namnet Sansestormerne. Her trivst me!

Um eg skal trekkja fram noko frå vìka: timen på fredag. Me skulde einast ha ei stutt, lett fyrelesing; "Fakta om Danmark". Kva tala herr Widell mest um? WIENERBRØD! Han tala vidt og breidt, han kunde sakene sine vel, me fekk heile wienerbrød-soga, og han havde eit heilt bord stint med ulike slag wienerbrød som me fekk smaka på:


































I dag, sundag, hev me vore ein bøling på Kalø slot.
Det var gildt å koma or byen ei rid, kjenna vinden i håret, rusla millom kyr og kurukor (dæven eg hev sakna kurukor!), vera langt ifrå allskyns motorar og mas. Me sat på mur-restane og åt og sang og havde det sers sjov. Sjå:
















Den steinlagde egen fram til slottet er frå millomalderen. Skitkult å ganga på slik ein veg! Heile 500 meter med gamalt far. Upphavlegt låg slottet på ei øy, men so vart det laga ei demning og no er det turt land heilt ut.

















Her sit eg.

















Her ser de ei ku som klør seg i hovudet. Det er ho til vinstre.
















Slottet, med litt tre og slikt framfyre.

Elles kann eg melda at me hev vore på kunstmuseet Aros, rusla i Den Gamle By, havt grillfest, sét på danske filmar, og mykje anna i same leidi. Og ja, det vert tid til å lesa litt fag au. ;)

Ikkje so mykje heimlengt enno,
det er deilegt å vera norsk i Danmark!