lørdag 27. desember 2008

hopp & sprett & tjo-å-hei!

Hei, du!
Noko av det beste med å vera heime er at ein hev so mange fine, gamle bilætsamlingar å glytta i. Ein dag fann eg mange nog til å laga ein liten serie utav det: her kjem nokre blinkskot frå tidi som hoppar. Det er ikkje tvil um at eg var stilhoppar ein gong i tidi, men det var fyrr en eg tok til med V-stil og hælstroppar (vandt å setja skikkelege telemarksnedslag når hælen sit fast i skii!). Elles er det mykje ein kann bita seg merke i; dei ulike hoppdressane, skiføringi, armane - her er ulike stilar og teknikkar lette å sjå. Noko å krydda hoppvìkestemningi med.

Eg flaug, far min knipsa. Takk til honom for godbìtane.


Eit tidlegt eit. Fin strekk og arma' innåt kroppen. Fem gonger tjuge!















Hopping er ikkje berre flyging. Det er jaggu mykje venting og småprat og frysing au. Her er eg (nr. 97) i lag med ein flokk gutar. Det fløymde ikkje av gjentor!





So eit litt stort hopp(!) fram til gulldagane i sylv-dressen - Silverflight, heitte'n. Her er eg 13 år og hev um senn taket på V'en.



















So frå hoppkanten. Det er jaggu mykje som kunde vore betre. Eg er altfor mykje bakpå, leggen er for rett, overkroppen sku' vore lågare, men jø - det gjekk ikkje so verst lika vel. Og eg var som sagt sers nøgd med dressen.



Endå litt eldre, håret hev i minsto vakse. På bommen i 120-en på Rena.






Siste flagring var i joli 2006. Då var det næsten tri år sidan eg gav meg "på orntli'". Temmeleg rak og fin, spørru meg!

torsdag 25. desember 2008

Jolelesnad II

Jolelesnad og jolelesnad...
Her kjem fyrst sumt um Draumkvædet og so endå nokre stubbar frå Flåklypa-verdi (eg greider neimen ikkje halda meg undan).

BOLK I
Vel, ja, eg tenkte eg skulde skriva eitkvart um Draumkvædet, eg. Det ligg fulla ikkje i jole-klassikarsekken, det hell. Lika vel etlar eg å krota ned eitkvart ord um det. Hovudkjelda mi, Norske Folkeviser av Olav Solberg, ligg att i Nidaros diverre. Kann henda vert det ei råd med det lell.

Draumkvædet er ein ballade [= dans(evisa)], eller "folkevisa", som ein gjerne namna sovordne visor i nasjonalromantikken. Draumkvædet er utan tvil den mest vidgjetne balladen her til lands. Granskarane hev røkt mykje etter svar på det og det, men ein veit enno ikkje for visst når og kvar Draumkvædet vart skrive, eller kven som skreiv det. Gjengs syn er at balladen vart skriven ein gong seint uti millomalderen. Han er nog skriven fyre reformasjonen, for det er berrsynt at innehaldet er merkt av katolisismen. Attåt dette ser ein greidt far etter den norrøne millomalderkulturen og folketrui (men: kvædet hev mange grunndrag sams med sogor kjende frå andre kantar av verdi, t.d. indiske og egyptiske forteljingar).

Det finst ein haug ulike versjonar av Draumkvædet. Dokumentasjonsprosjektet reknar upp femti versjonar, og dei er nedskrivne millom 1840-åri og 1914. Um du er huga kann du glytta på dei ulike uppteikningane her. Dei ymsar mykje i lengd og sumt i innehald. Til dømes heiter "hovudkarakteren" anten Olav Åsteson eller Olaf Åkneson. Alle songarane som kjende visa var frå Telemark, mesto Kviteseid, Lårdal, Seljord. Ho som var kjelda til ein av "standardversjonane" av kvædet var Maren Ramskeid frå Kviteseid. Ho var 'kje meir en attan år då Magnus Brostrup Landstad kom innum og vilde høyra henne kveda.

Kann ein segja at Draumkvædet er jolelesnad i det heile? Ja visst. For hendingane ber til i tidi frå joleftan og til trettandedagen. Dessutan kann ein segja at bodskapen er av det "jolutte" slaget. Eg kjem attende til dét.

På joleftan sovnar Åsteson (Åkneson) og han vaknar fyrst på trettandedagen. Då fer han rake vegen til kyrkja og fortel lyden um draumane sine. Her er tvo strofor frå den vølte [restituerte] versjonen åt Moltke Moe frå 1890-åri:

5. Presten stend'e fyr altari
å les upp lestine lange,
Olav set seg i kyrkjedynni
å tel'e draumane mange.
- Å de va Olav Åsteson,
som heve sovi so lengji.

6. Gamle menner og unge
dei gjev'e etti gaum'e,
mæ han Olav Åsteson
tel'e sine draume.
- Å de va Olav Åsteson,
som heve sovi so lengji.


Åsteson hev vore på ei strid ferd gjenom helheim og himmerike. Ferdi er ikkje ulik den Dante gjer gjenom Inferno, Purgatorio og Paradiso i La Divina commedia (1308-1321). Åsteson fortel so kva som hender med den som liver eit godt, kriste liv, og like eins kva som hender um ein ikkje gjer det. På den visi er Draumkvædet eit visjonsdikt.

I eit stykke i Spelemannsbladet nemner Stein Versto tvo ulike måtar å granska kvædet på. Eine er å taka fyre seg det historiske i kvædet, hin er å gauma på det eksistensielle. Det historiske hev eg alt vore innpå, det gjeld upphav og alder og dilikt. Det eksistensielle gjeld innehaldet. Eg skal ikkje segja stort meir utav dét, men heilt stutt um det eg kallar "det jolutte" i visa: sjeli di kjem best ut av det når domen skal standa dersom du er gjevmild, audmjuk og snild i all di ferd medan liver på jordi. Når ein skal yver Gjallarbrui, som tek folk frå "føesheimen" og til "auromheimen", slepp ein undan leid motstand av bikkjor, ormar, stutar og so burtetter dersom ein hev gode gjerder i "skreppa" (d.e. "bagasjen" på dagsens folkemunne). Til dømes:

Sæl er den i fø'esheimen
fatige gjev'e ku:
han tar inkje sumlug gange
på håge Gjallarbru


Jau. Og han Åsteson møter både jungfru Maria og erkeengelen såle-Mikkjel. Koss det heile ber til og endar fær de lesa sjølve. Eg skal ikkje byrta meir her.

Och! Det gjæve for oss målelskarar er millom anna den målslege bunaden åt desse balladane ligg fyre i. Telemarksmål er langt ifrå verste målet! Nedskrivarane hev jamt skrive visone ned etter målet åt kvedaren, ikkje laga det etter noko boklegt mål. Gilde greidor.


BOLK II
Her kjem litt meir frå Aukrust og Flåklypa. Desse stubbane er tekne frå boki Folk & Fe. Det var den fyrste boki um Flåklypa-samfundet som vart utgjevi. Alle stykki er henta frå nummer 12 av avisa, jolenummeret. God lesnad!

Med Felgens julegaveautomat kan man på en enkel og bramfri måte fordele gavene julekvelden utan på forhånd å ha gått rundt treet. Forskjellige sikkerhetsanordninger ved maskinen gjør det også klinkende klart at det her ikke nytter å prøve å få rede på gavene før utdelingen. Felgens spesialkonstruerte trolløye med dioptersikte registrerer nemlig nyfikne og klåfingrede som vil "titte", og sender ved hjelp av impulser ut en polstret veivaksel (4600 omdr.) som slår beina vekk under selv den mest halsstarrige.
[...]
Framgangsmåten er enkel. Man trykker på knappen merket "God jul" og trekker sjåkeren ut. Automaten gir da fra seg røkelse og myrralukt og "Deilig er jorden" spilles unisont på kam. Mot et lite tillegg kan man få montert inn Felgens "drøvler" med senket differensial, slik at man også kan få den kjente og kjære julesang tostemt.
Er mottakeren misfornøyd med gaven, kan han eller hun på eget ansvar prøve å få varen byttet. Finner ikke automaten mottakers krav berettiget, blir vedkommende sugd inn i julegaveautomatens sentrifuge til avskolling og kommer ut igjen som et nytt og takknemlig menneske.


Og so kjem eit slags joledikt(?) frå Bronskimlet:

I gilde klædebon dei vise menn,
Nattevakt! - Nattetid -
Go'kveld! Go'kveld! Dei helser hen.
Møtes skal i ljos og glans,
Libanons og Sankthans -
Sarons yndigheter!



Og so kjem ein "Lom spesial", dersom den lesaren skulde finna vegen hit att:

Endelig!
Under sigarettrøking igår fikk sykkelreparatør Reodor Felgen røken ut gjennom venstre nesebor. Begivenheten fant sted på kooperativen i Lom.
Dermed skulle en tro at sykkelreparatøren er ferdig med forkjølelsen for i år.



"Enkefruen" skal få koma til orde denne gongen au (dette utdraget er frå Flåklypa nr. 12):

I år naver vi junetrepynten senv. Det fanner i praksis nangt binnigere enn å kjøpe gnitter og junestjerner i butikk.


So kjem det siste, og dette er kraftig kost (jamvel dette frå Flåklypa nr. 12):

Vår utsendte julemedarbeider, sportsjournalist Melvind Snerken, opplyser at minkeier Jostein Kroksleiven i Sør-Fron for fjerde år på rad pådro seg ben- og lårhalsbrudd under gangen rundt juletreet.


;)

onsdag 17. desember 2008

Bokstova

No um dagane er eg heime i Elverum, eg syslar litt med denne Bokstova-loggen so han skal koma på fot. Eg hev lagt ut ein neve med stykke, alt frå halv-faglege tekster til lesarbrev og dikt. Det kjem meir, er von, dersom nokon er huga på meir lesnad frå Fridtun. No er det husvask og gåve-stell på dagsplanen.

Eg lærde dessutan eit nytt ord i dag, mor og Ivar Aasen sytte for det.
Mor sa: "Sjå, nå drøpp det fra taket òg! Typisk at det vart kakelinne nå."
Kristin (ser ikkje ut glaset etter vassdropar eingong, men kvesser øyra og segjer:) "Å sa du forno', sa du? Kakelinne?"
Mor: "Ja, har du'tte hørt det før?"
Kristin: "Nei?"
Mor: "Kakelinne. D'er full' no' med at det blir mildere i tida en driv å bakar før jul."

So sprang eg upp og fann Norsk Ordbog og der hev far Aasen skrive:
Kakelinna, f. det Tilfælde at der indtræffer mildt Veir ved Vintersolhverv (da man bager til Julen). Østl. Hedder ogsaa Kaketøyr, m. og Lefsetøyr.

So veit du det!
Og denne kakelinna gjev ovende godt sparkføre. Hepp!

mandag 8. desember 2008

Jolelesnad

Det er gildt å lesa i joli. Flestalle hev fulla eitkvart som dei lyt lesa dersom det skal verta ei retteleg og gild jol. Ei joleforteljing av Dickens er ein klassiskar, og Snekker Andersen av Prøysen, elder joleheftet um "en-å-nitti Stomperud". Sjølv les eg gjerne Snorre i jolehøgtidi, endå det ikkje er serskilt "jolutt" lesnad.

Eg tenkte eg skulde lyfta fram nokre stubbar og sogor som ikkje soknar til denne klassikarsekken. Alt er ikkje rein jolelesnad, elder jolelesnad i det heile, men eg råder dykk til å glytta på det lell.

Fyrste stubben utfor er ein røynleg stubb. Kva tyder det? Jau, at det er eit stykke av Alf Prøysen. Dei småe stykki hans er korkje novellar elder kortprosa elder noko anna, men stubbar (sume kallar det novellar, men det vil ikkje eg vera med på). Den stubben eg skal skriva um er henta frå samlingi Matja Madonna (1955), og han heiter som boki: "Matja Madonna". Denne soga gjev meg, og fleire eg hev tala med, tåror i augo og verme i bringa.

Her er ein smakebìte:

Og så går a Matja innover skauen, hu har slik ei mjuk, god gånge, hu bøyer seg under greiner og passer seg så hu itte glir i domper og staup. Raser det litt snø ifrå ei grein og neri nakkegropa hennes, bråner det til små runde perler som jevnes utover av hårfestet og halselinninga. Hu går forsiktig midt i den smale gångstigen som husmenna tråkker opp to gonger om dagen, det syng ei sprø lita tone der stakkekanten stryker mot kaldsnøen og lager et mønster. Hur går mot storbygda og juledagen, hårdagskledt og varm står hu i skaukanten og ser himmelen bli fiolett og glassgrønn bortunder Bøkampen. Dom kjem samstunnes, hu Matja og dagen.

Så svinger hu ned gutua mot garden der den kviler, grå og stor og sløkt. Men a Matja uroer ingen, hu går rett forbi storgangen, hu vører itte kjøkkendøra engong, det ser nesten ut som hu skulle ha sett ei stjerne over fjøstaket og hørt en spådom om en konge, for det er fjøsdøra som åpner seg, det er dit hu går. Men det er nok itte for å sjå noen konge hu Matja går inn, hu ska berre stelle fjøset for sveiseren så han kan få reise tel slekta si på en høgtidsdag.

[...] To gonger er hu ute og tømmer før det kjem ramlenes en bleik fjorkonfirmant inn i mjølkebua og tar den andre bøtta. "Je forsov meg visst, je, Matja," sier han idet han setter seg. Hu Matja smiler og fløtter seg på krakken, hu sier ingenting om det. "Det vart full seint i gårkvell, dam'a", sier hu. Si-i - su-i - su-i.

[...] Nå sitt han og har det godt. Hu Matja kjem itte imot deg og ler og gir det gaver om julekvellen, hu går framfor deg og tar de tyngste mjølkkrøttera fysstedag.


Eg treng ikkje segja meir, gjer eg vel?
Nei.

Den andre stubben er teken frå Relsafus (1968) av Kjell Aukrust. Relsafus er eit liksom-blad der ein tidt råkar kjende figurar som Reodor Felgen, Hallstein Bronskimlet, Emanuel Desperados, Frimand Pløsen, enkefru Stengenføhn-Gnad og andre frå Aukrust-verdi. Bolkane de skal få sjå kjem frå siste bokluten, frå desembernummeret av bladet.

Fyrste ut er "Meddelelse", ei stutt melding frå meieristyrar Ollvar O. Kleppvold:

De av meg utsendte og signerte julekort, poststemplet 1959, pålydende "Velsignet God Jul" gjelder fortsatt inntil nærmere kunngjøring foreligger.
Julekort "Dompap i nek" (glanset) sendt redaktør Frimand Pløsen, annuleres.
Slidre, 20. des. 1968.


Jaggu! Kann henda er dette vegen å fara dersom ein ikkje hev tid hell tæl til å laga nye jolekort kvart einaste år.

Næste kråsi frå Relsafus er frå jolebolken åt diktaren Hallstein Bronskimlet:

Gutane tenner levande ljos!
I dag held vi fram med jole-bolken vår.
Vi skal fylgje Guringuten og han Hjalte når dei i vill og styrelaus glede talgyvler [lauge seg i kaldvatn] seg i snópestamp [ein serskilt stamp] framføre høgtida. Likeeins skal vi vere med gutane når dei ét kaldslatre [ein matrett av syltelabbar, lefse og annan jolemat]. Vi skal tenne joleljos, pakke opp gåver - og veksle jole-ynskje då det lir mot kveldkrøkkje [dygnbrigde - midnatt].

FEMTANDE BOLKEN
"Ja, gledeleg jol, då, Hjalte!", sa Guringuten. "Takk i lige måde!", svara han Hjalte.

*

Fylgj med godtfolk! I neste bolken skal vi vere med gutane når dei ynskjer kvarandre Godt nytt år!


Siste stubben eg tek med frå desember-nummeret av Relsafus dregst um joleneket åt enkefru Stengenføhn-Gnad:

Interessant i juleneket
Rapporter som strømmer inn fra våre medlemmer, tyder på at det er yrende fugleliv i våre julenek nå om dagen.

- Enkefru Stengenføhn-Glad ["Gnad" skal det fulla vera] Frognerveien 22 Oppg. B, Oslo, kan således fortelle at hun ved siden av en rekke spurver, meiser og dompapper, også har hatt besøk av flere spetteslag. Såvel flaggspette, svartspette som rødspette har oppholdt seg i neket, opplyser hun.
*
Vi noterte med interesse besøket av rødspetten. Medfører dette riktighet, er det intet mindre enn en sensasjon, da det i så fall er første gang en saltvannsfisk opererer i et julenek.
Red.


Meir jolelesnad kjem etter kvart. Eg skriv stykket litt i bìtar, so det er berre å sjå innum då og då.


-kf

mandag 3. november 2008

Hår i suppa versus suppa i håret

Ein skal vera væn.
Utan tvil.
Vænleik er i vinden.
Vænleik hev stødt vore i vinden.

Kva um ein ikkje er væn?
Vel, det finst ein haug umbøter.
Her, til dømes, kjem greske Kleopatra (um lag 64 e.Kr.) med hjelperåder til deim som misser håret:

Denne miksturen er den mest virkningsfulle. Brukes mot håravfall blandet med olivenolje eller myrra og er fantastisk både for dem som har begynt å miste håret og dem som allerede er blitt skallet. En porsjon ristede husmus, en porsjon filler, en porsjon ristede hestetenner, en porsjon bjørnefett, en porsjon hjortemarg, en porsjon av bark fra siv. Mal opp de tørre ingrediensene blandet med en tilstrekkelig mengde honning til alt har samme konsistens som honning. Gni inn fettet og margen etter å ha smeltet det sammen til en blanding. Lukk medisinen i en bronseboks og smør det på det syke hårområdet helt til håret begynner å vokse igjen. Fortsett innsmøringen daglig etter at håret er begynt å vokse.

Køyr på!

(og for deim som er litt vågale av seg - er er sumt for å gjera deg meir huga på sex, skrive av Salpe (fyre 79 e.Kr.):

Dypp et esels kjønnsorganer i kokende olje sju ganger. De egnede kroppsdelene bør så smøres med oljen.

Jaggu!)

socker.kärleken.vintarvila.lämnar.avtryck.









torsdag 9. oktober 2008

kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom

- sagde Hauge. Og fjom vart det! Snjofjom!

Sist helg var eg med mor og far og systrer tvo og hund på hytta, sjø. Og der hadde kong Vinter vore frampå. Eg legg ut nokre bilæte frå ferdi, so kann de sjå. Ja, og me borni bada. Det var 5-6 gradar i vatnet, og uppfriskande! Eg legg ikkje ut bilæte av dét, for me hev ikkje klæde på. Men prov finst, altso.




















































































mandag 8. september 2008

kvi er det daudebeiskt å få?

D'er betre seint en aldri.
Eg laut gjeva tol, men no!
No tarv eg ikkje bida meir.
Det hev brote yta.
No kjem det fossande, det spring og jagar nedetter ei utøymeleg elv og leikar seg i ville stryk, det durar og syng, og skummet skin som ein sylvkvit faks.

Tenkj å hava slik ei elv i hugen!
Eg hev.

Kvi? Jau, endelegt hev vyrde Petrarca fenge neven um Fridtun-hjarta. Eg hev vore som trolla av karen sidan eg las nokre linor um honom i norsboki frå 2. klassa på vidaregåande, men like vel klæmde han til fyrst no, fire år etter.

Her er sumt frå sida 125 i Tema 2: "Det er vanlig å si at renessansen begynte midt på 1300-tallet. Da ble den første gjennomkomponerte diktsamlingen siden oldtida skrevet, nemlig Canzoniere av italieneren Francesco Petrarca (1304-1374). Samlingen består av 366 kjærlighetsdikt til Laura, som dikter-jeget ser første gang i en kirke langfredag 1327. Etter møtet føler han at han er skapt på nytt, av kjødelig kjærlighet."

Gjævt! For ein kar! Eg trur eg er veik for'n av di eg kunde gjort noko liknande sjølv, i minsto ynskt at eg gjorde det. 366 dikt - som skriv seg frå eitt møte!

ALIT1101, Litteraturen frå antikken til 1500, hev mang ei perla på pensumlista. Millom anna er "Sonett 132" å finna der, og kvædet er so gildt og varmt at det glim av det. "Petrusen" hev skyna kjærleiken, han hev sét og granska kvar ei sida av'n, trur eg. Og umsetjar Sigmund Skard hev skyna eitkvart han au, kvart ord er ei frygd å lesa!

Jau-då, jau-då, de skal få sjå sjølve.
Her er sonetten. Og formi er som ho skal vera, de må gjerne lesa høgt.


Er dette ikkje elsk, kva kan det vera?
Og er det elsk, å Gud, kva er det så?
Om godt, kvi er det daudebeiskt å få?
Om vondt, kvi er det endå søtt å bera?

Vil eg det sjølv, kva gagn kan tårer gjera?
Og vil eg ikkje, kvifor græt eg då?
Å daudeliv! å frygd eg flyr ifrå!
Eg strir imot - kor kan du endå tæra?

Og vil eg sjølv, kva tener tårer til?
Slik stormar høgt mitt hav med skumkvit båre,
og styrelaus i skrale båten stend eg.

Så vesal er min visdom, dåre, dåre!
at ikkje sjølv eg veit kva sjølv eg vil,
eg frys i varmen, og i frosten brenn eg.



Ein vert mest ordlaus.

[eg er ordlaus]

Men - der er meir!
Petrusen sat ikkje berre tagall heime og skreiv um hjartekvida, å, nei!
Han var av dei fyrste som leita trottugt etter forne manuskript, og det var han som fór kringum i gamle, støvutte bibliotekskrokar og til sist fann ein haug burtg(l)øymde Cicero-brev. Han var au tidlegt frampå med å nøyta folkemål i diktingi si. Og han var og er yvervættes viktug for sonettsjangeren og framvoksteren av'n. Me kjenner au til ferdi hans upp på Mont Ventoux - å koma seg upp der er kje barnemat!
Ja, Petrusen var eit dugande mannfolk. Eit flogvit! Eg skulde jaggu møtt'n. Det skulde eg.

Men no er det seint og tid for sova.


Kvi er det endå søtt å bera?

fredag 22. august 2008

Frå fjellgutudjupet

I Fjellgutusjøen er det lake. Laken er ein ljot og sleip botnfisk som et alt av kjøt som finst nede i djupet. Far min fekk ein diger rugg i garnet sist helg. Skinnet var so hardt og stivt at dei laut skjera og vrengja det av med tong. Det er ikkje ofte laken fastnar i garnet. Her kann de sjå'n (fisken, ikkje far):
















Feitt å liggja på kjøkenbenken med solbrillor















Feitt med solbrillor og tunga uuuut

Eg hev likso greidt skrive eit kvæde til styggen:


Kvæde åt laken

Stilt no, frende,

stogga leiken;

høyr um drott

som dagen løynde:

Vreid og vondkynd,

verste guten,

styggen sjølv

seig stilt mot land


Han gøymde seg

i Gutulidi,

drog han der

åt djupe vatnet;

langt til botnar

laut han symja;

myrker løyner

mangt eit lyte


Draugen smaug

i duld og dimma,

lått og yl

i lynget leika

Vill han vakna,

veidefisken;

fælsleg kjeft sku’

føda fanga


Grå han gleid

med gløypetruten

Flo og flengde

fiskar mange;

svolten reiv

og sveiv i buken,

mange matmål

trongst til metta


Brått han fastna,

botnfisken;

kava kaut

i kjempegarnet

Diger rugg

med drjuge krafter –

mun han vert

eit matmål sjølv!


mandag 4. august 2008

Endå eit ferdaminne. Og ymse anna.

I dag er ein god dag. Difor kjem eg med ei godt innlegg. Med det meiner eg meiner eit innlegg um gode greidor.

På denne dagen, 5. august, i 1813 vart ein gut fødd på ein liten gard i Hovdebygdi. Og det var ein viktug fødsel! Jau då, jau då, for det var han far Ivar. Aasen. Eller Iver Andreas, som var døypenamnet hans. So, vyrdnad til honom - me ynskjer til lukka med dagen!

På fredag og laurdag sist helg var eg på ei av dei finaste ferdene eg hev vore på i sumar. Det var ei slags pilegrimsferd for meg. Kva som var det heilage målet? Barndomsheimen åt'n Ivar, Ivar Aasen-tunet. Far og eg. Me drog. Næsten spontant (me avgjorde det heile på torsdagen). Fredag ettermiddag fór me i veg. Uppetter Mjøsa og væne Gudbrandsdalen. I kveldingi stogga me midt på Strynefjellet. Me fann ein stad å setja bilen, slo upp teltet. Eg laga suppa på primusen, og drog fram ein isboks med heimelaga semulegrynspudding i og havde raud saus attåt (det er fulla berre du, tanta, som kann sjå fyre deg kor glad han far Fridtun vart då!). So fall me i svevn, med susen frå ein fjellbekk i øyro... hoh, nasjonalromantiskt! Um morgonen bar det i veg att. Me vitja tunet - det var KNALL! So køyrde me heimatt på ettermiddagen, same vegen som me kom. Terningkast 6!
Her er nokre bilæte frå den gilde ferdi:
















Bustaden.
















Gamlevegen ned frå Strynefjellet.

















Eit stabbur frå tidi åt far Aasen.




I går kveld var eg med mor ute i hagen (ikkje som sist gong). Eg sette nokre blomar ned i jordi og reinska burt eit utal grøne makkar som åt upp alle blad på klematisplanta åt 'a mor - dette er fjorde året dei held etarlag i planta hennar. Ho var leid heile dritten.
Eller som ho sagde: "Nå er dine dager talte, din jævla klematis!".
So køyrde ho spaden ned under den uppetne voksteren og braut upp alt i hop so det knaka i røtene og jordi skvatt til alle kantar. Det er tak i ho mor, gett!

Dessutan glytter soli ned på oss i dag.
Gildt.

onsdag 30. juli 2008

eg leikar po(t)et

Det vart litt for ope sist.
Eg legg inn eit sjølvskrive kvæde i staden.
Freistnad på fornyrðislag er det au.
Um det held mål? Veit ikkje.
Er det for kjenslefullt? Utan tvil.

Eg hev kalla det Vantarmål.

Uhag er han
som eidar bryt
og svorne voner svik
Venelaus han vert
som vinglar stødt
millom hjarta og haus

Sjå deg fyre
når sumaren ris;
for stygg-velor vonde
Han fær trega,
trauste hugen,
når tidi tung skal tolast

Møyi du sveik
og miste or handi;
det tyngjer visst hugen tidt
I sakn og einsemd
sviv no skalden;
går korkje frygd hell gaman

Myrker og otte
merkar han best
som sut-tyngd i stova sit
Bjarte soli
og byrg-grøne graset
kann kje støyten stagga

Ber du byrdi
byrg på herdi;
veik er vond hugstein
Venta allstødt
i år og æva,
og hugen hard skal heilast







mandag 21. juli 2008

jag är allt som du valt bort

Dagen i dag hev vore god. Han hev fare snildt med meg. Men eg veit kva som kjem, veit kva som byggjer seg upp innantil. Anten eg vil eller ikkje.

Eg/det/verdi/alt
kjem til å
bresta/klovna/rivna/sprengja/slitna sund.

och det finns inget att göra åt det.

Eg reknar dagar. Ein-tvo-tri.
Læt meg sjølv renna seint og seigt mot det svarte gapet framfyre.

Men dagen i dag hev vore greid, ja.
Eg hev fenge både regn og sol, by og skog, kaffi og te, ljos og myrker.

Vesle-veslesyster og eg var i Leiret. Me var på biblioteket, henta ut togbillettar (me fer til Nidaros i morgon, ho og eg), me var på kaffistova, me kjøpte mjølk og brød. Her er tvo vyrde vener. Og eg.

















Sidan sprang veslesyster og eg i skogen. Då me var attkomne tok tora til å rulla og slå, og regnet hylja ned. Det var gildt. Eg gjekk ut for å plukka røsslyng (Calluna vulgaris) til mor. No stend dei attmed meg på kjøkenbordet. Og "røss-" kjem frå norrønt "hross", det tyder hest. Dei fôra hestane med henne, planta. Ho er væn. Serskilt i regnet.

So vart det upplett. Soli fall gjenom glaset og inn på tregolvet. Eg. Berrføtt.

















Ein varm ljosflekk. Ei mjuk glenna. Grøderikdom.

Graset er so skarpt. På lìt. Kvassgrøn. Frisk. Men mjukt og blautt. Helsing frå hudi. Og hunden:


















Grønt. Eg trur eg hev ein grøn sjel. I dag, i minsto. Grønhugen, das ist mich. Ei liti rid til.
For midt i vìka...
Nei.
Nytt innlegg kjem på fredag. Um eg vinn med det.

lørdag 19. juli 2008

snart utferd...

Her kjem siste innlegg frå Danmark. I går var det eksamen og dinæst fest på kvelden, og no tek folk på heimvegen. Me er tri som dreg i morgon, då fær me heile skulen for oss sjølve ei stund!

Denne vìka hev me for det meste arbeidt med eksamensuppgåvone. Deildi mi skulde gjera ein litterær og tekst-teoretisk analyse av "Hjertesorg" (slump?), det er ei stutt tekst skrivi av H.C. Andersen. Vriden tekst, men det gjekk då greidt. Eg trur alle deltakarane her fekk "velbestået". Ikkje veit eg kvifor dei hev "velbestået-bestået(-ikke bestået)" då, men dei fær no berre køyra på. I morgon skal eg heim!

Det hev ikkje vore mykje å knipsa denne vìka, men her kjem sumt lell:

Eit lite, grumt glas med syltety.
















Ein benk med bokstavar.

















Um du ser nøgje på bilæte, kann du kanskje sjå at trekruna liknar eit hjarte... :p

















Ei dansk brygga seint på natterstid.



















Eksamen. Sjå Nasse som sit framme, han er med, må vita!


















Innmed veggen sit ein harepus. Det er mange av deim kringum her.

















So, då segjer eg tack & hej, no skal me på ein millomaldermarknad. :D

fredag 11. juli 2008

og det er Frejas sal

...skreiv Adam Oehlenschläger um Danmark i 1823.

Jau, då hev me vore i vyrde Århus i tvo vìkor. Byen hev ikkje smoge seg inn og funne fast feste i Fridtun-hjarta, men det er ein triveleg by og eg vil gjerne koma att seinare.

Me hev havt tri dagar med fyrelesingar, so tvo fridagar, so ei ferd til Skagen, so atter ein fridag. Torsdag var me ein hop på Vikingmuseet.
Århus (i gammall tid Aros) er den næst eldste byen i Danmark, og under ein Nordea-bank attmed domkyrkja kann ein sjå sumt som arkeologar hev grave fram. Nokre meter under bakken ligg allskyns restar etter vikingbyen som låg her. Arkeologane fann til dømes nokre bein:


















Slik var Aros for um lag tusund år sidan:

















Mumitrollet mitt er jamt og samt med i fyrelesingane, men han er ikkje so ihuga... Her 1) søv han; 2) hev fenge koffeinsjokk:































Jaja. Han er ein greid kar.



Her kann de sjå kven som køyrer kringum i by'n:


















På fredag drog eg og nokre andre på Moesgård Museum. Der såg me til dømes Grauballemanden. Han er gammall, drjugt 2000 år. Me såg au runesteinar, ei utstilling um Ötzi, moselik, vikinghus og ymse anna. So gjekk me kringum i parken åt Moesgård, og eg fekk eta rips og klatra i tre





















































Heile laurdag var me på Skagen-ferd. Her kann de sjå sumt:

















Sprell utanfyre museet.


















Namngjetne Brøndums Hotel. Her åt me ein steike god frokost. Her hev H.C. Andersen vore au.

















Her er me på Grenen. Skagerak og Kattegat møter kvarandre. Mykje straum i vatnet og ulovlegt å bada (men sume gjorde det lell).


Det beste med heile vìka: Eg sat på bussen mot Skagen, eg veit ikkje kvar me var, det fine er at det spilar ingi rolla, eg sette på 747, eg hev ikkje høyrt songen på mange vìkor, kjensla av å koma heim slog ned i meg etter mindre en eitt sekund. Etter tvo eller tri sekund tok det til å regna utanfyre. Vatn på glasruta. Grått. Ein norsk bil med skiltnummer "KF eit-eller-anna" køyrde jamsides med bussen. Jakka mi låg som ein ball mot glaset med eit trøytt Fridtun-hovud på.
Det var höjdaren.
Eg tykkjer ikkje det er trist, eg tykkjer det er godt.

maybe this time it won't heal
maybe this time it will bleed untill I am free


Heimferd um ei vìka.

søndag 6. juli 2008

Fyrebils ferdaminne Nordkurs 2008

No er eg i Århus.
Nordkurs.
Ved Århus Universitet.

Kvar vìka skal eg koma med nokre småe glytt for dykk, fortelja litt um sumt som hender her i det flate landet. Bilæte høyrer med. Her kjem det fyrste av tri innlegg.

Fyrst ut: danskane er likso velseda (eller useda?) som nordmenn. Sjå til dømes på dette uppslaget på kjøkenet på nordisk institutt, dette er noko me nordiskstudentar kjenner frå Svennevig-boki og pragmatikken:





















Jaggu nyttar dei same implikaturar her au!


Stutt um kurset, eller skeidet, som me gjerne segjer på norsk: me skal læra um mange ulike emne, frå tekstteori og tekstanalyse (mykje um logikk, proposisjonar, pragmatikk, skiljet millom sakprosa og skjønnlitteratur), til modernisme og syndefallsmotivet. Denne vìka hev me arbeidt med tekstteori og analyse, i morgon tek litteraturbolken til. Siste vìka vert nytta til fyrebuing til eksamenen 18. juli. Då skal me leggja fram eitkvart i gruppor for klassa (uppgåvone vert haldne i løynd ei stund til) og få i gang eit ordskifte.
Japp. På litteraturpensumet hev me De måske egnede av Peter Høeg og ei novella av Steen Steensen Blicher, nokre dikt av Henrik Nordbrandt, og ein hop modernistiske tekster. De som er serskilt huga fær spyrja um de vil ha namn og titlar ;)

Deltakarane her er for det meste svenskar og finlandsvenskar, me er einast tri frå Noreg. Attpåtil hev me ein sveitsar som talar både norsk og dansk. Her er folk i alle aldrar, og alle som ein er jättetrevliga og fine å vera saman med. Nordkurs er som kjent ei samling som er minst like sosial som fagleg. Me bur på ein hushaldningsskule med det ikkje smålåtne namnet Sansestormerne. Her trivst me!

Um eg skal trekkja fram noko frå vìka: timen på fredag. Me skulde einast ha ei stutt, lett fyrelesing; "Fakta om Danmark". Kva tala herr Widell mest um? WIENERBRØD! Han tala vidt og breidt, han kunde sakene sine vel, me fekk heile wienerbrød-soga, og han havde eit heilt bord stint med ulike slag wienerbrød som me fekk smaka på:


































I dag, sundag, hev me vore ein bøling på Kalø slot.
Det var gildt å koma or byen ei rid, kjenna vinden i håret, rusla millom kyr og kurukor (dæven eg hev sakna kurukor!), vera langt ifrå allskyns motorar og mas. Me sat på mur-restane og åt og sang og havde det sers sjov. Sjå:
















Den steinlagde egen fram til slottet er frå millomalderen. Skitkult å ganga på slik ein veg! Heile 500 meter med gamalt far. Upphavlegt låg slottet på ei øy, men so vart det laga ei demning og no er det turt land heilt ut.

















Her sit eg.

















Her ser de ei ku som klør seg i hovudet. Det er ho til vinstre.
















Slottet, med litt tre og slikt framfyre.

Elles kann eg melda at me hev vore på kunstmuseet Aros, rusla i Den Gamle By, havt grillfest, sét på danske filmar, og mykje anna i same leidi. Og ja, det vert tid til å lesa litt fag au. ;)

Ikkje so mykje heimlengt enno,
det er deilegt å vera norsk i Danmark!

lørdag 21. juni 2008

Åtak på mor i hagen

Jau, du las rett: her er ein ikkje trygg i sin eigen hage. Sjølv millom gulrotgras og persille lyt ein kjenslevar stakkar vakta seg vel. I dag var det ein væpna luring som sneik seg innpå mor for å setja ein støkk i 'a.

Tilburden kann du sjå på bilæti nedantil. Um de veit kven den skuldige er, meld ifrå til meg.




























































































































PS! Det var varmt.