mandag 24. desember 2007

måndag 24. desember

Jau då, eg veit det er jolaftan, men eg berre dela banen åt'n Sigurd jarl me dykk (frå Soga um Harald Hårfagre):

"Sigurd jarl drap Melbrigde Tonn, ein skotsk jarl, og batt hovudet hans til salreimi si; men tjukkleggen hans kom mot tonni, som stakk ut or hovudet, og beinet trutna opp, og det vart banen hans[!], og han er hauglagd på Ekkjalsbakke."

Eg ser for meg ei VG-framside: "Jarl drept av tann i leggen"

Huhei. So, no er det kyrkjeferd og andre trivelege jolesyslor.

:)

4 kommentarer:

Engeline sa...

Åh, Kristin, Kristin, du gir meg sånn fin julestemning! Og jeg tuller ikke! hvem andre i hele verden siterer norrøne kongesoger, med blod og gørr og tenner i leggen, på julaften? Det er bare deg, det, og det er så flott! God jul til deg, og måtte alle pakkene under treet være myke og harde og ultrafine.

Anonym sa...

Ellinor! :D Ja, eg tykte kongesogor var noko som høvde tidleg på jolaftan. Og når eg kom yver sliktno', som denne tonni, laut eg jaggu dela det med resten av verdi. Og so kom du i god stemning av det! Heilmaks - suverent - jabbadabaduu! Vonar jolekvelden din var god og at du fekk gåvor som det låg fine tankar attum!

Anonym sa...

Samd med Ellinor.
Du gjev stemningar kvar dag. Dei er alltid gode.
Eg måtte sjølvsagt sjå etter "drept av tann i legen"-overskrifta på veven. Inga treff. Kva kan ein gjere for å auke sjansen for fangst? "Drept med tann"? "Drept av mann med tenner"? "Drept av leggen"? "Drept av tannlegen"? Det må då vere noko slikt der ute? Tannläkaren med dödligt boooor till exempel. "Spytta ut nu, SÅ KÖR JAG DEN HÄR ISPINNAN UPP DITT GAP". Men nei.

Og snøgt var tannläkaren gløymt. For då eg gugla "drept av tannlegen", kom eg fram til ei Wiki-side om noko eg ikkje har høyrt om før. Ei massemorderske. I USA. Med norske røter! TRØNDERSKE RØTER! Her er lekkja: http://no.wikipedia.org/wiki/Belle_Gunness

Eg vart nær stolt. Over at ei norske gjorde seg så kjend i det store Utland. Men så kom samvettet inn og sa at drap er noe dritt. Eg er samd med samvettet. Så no er eg heller stolt over andre ting. Eg veit ikkje heilt kva, for no er eg trøytt. God natt.

Anonym sa...

Gostei muito desse post e seu blog é muito interessante, vou passar por aqui sempre =) Depois dá uma passada lá no meu site, que é sobre o CresceNet, espero que goste. O endereço dele é http://www.provedorcrescenet.com . Um abraço.